MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 03.05.11 -

G.nr. 10. SLIDRE, STORE

 

BRUK 1 (OG 3)

BRUK 6

BRUK 11

BRUK 2

BRUK 7

BRUK 12

BRUK 3 BRUK 8 BRUK 14 - 15
BRUK 4 OG 13 BRUK 9 BRUK 16 - 24
BRUK 5 BRUK 10 BRUK 27 - 34

 

Store Sleire

Store Sleire

 

Um tydingi av namnet - sjå under Slidre, lille.


Grensor: I sud til Lauveidet og Molland, i vest til Frøyset og Lille Sleire, i nord til gardar i Gulen og i aust til Byrkjeland og Kvamsdal.


Eigedomstilhøvi: På St. Sleire eigde dei bruki sine sjølve ei tid. 1608 er Lasse og Marite jordeigande bønder. Dei åtte det året 11 1/2 l. s. Dei same er namngjevne 1611, men då er det sagt at dei eig 1 l.s.1618 heiter det: Anders Store Slure med hans brødre og søstre 2 pd. s.1 mele korn ibedem (same stad) og Peder og hans medarvingar i 1. s. 1½ mele korn. 1620/21 Anders på Slur med hans brødre Aslaeli og Oluff Vige af 2 pd. 8 mk. s. ibedem og same året Peder ibedem (Sleire) samt hans brødre og søstre 1 l. s. og 1 1/2 mele korn i forn. jord og 6 mk. s.i Løfeid. 1624/25 skattar Rasmus av 1 pd. 3 mk. s. og Peder og Nils av 2 pd. 20½ mk. s. og Hans Vige i Sliire 1 pd. 3 mk. s.1626/27 Peder

Lasseson St. Sliire og Rasmus Løffeide i forn. jord og i Løffeide 1 l. 1 pd. s. og same året Anders og Aslach St. Sliire og medarvingar i St. Sliire og Løffeide 3 pd. 4 mk. s. Same året heiter det: “Store Sliire 2 Løber og 1/2 Pd. Løffeide Smør 1 Pd. Bondegods, ligger tilfreds, er nu en flomsag under, men ingen sønderlig schoug hoes”.


Store Sleire, b.nr. 2, 4, 6, 8, 10 og 13

Store Sleire, b.nr. 2, 4, 6, 8, 10 og 13).


1626: Peder Sljir 2 pd. s. Nils 11 mk. s. og Anders 1 pd. 10 mk. s.1627/28 Anders og brødrene Aslach Sliire og Oluff Vige 1 pd. 8 mk. s. og Peder og brødre og søstre 1 l. s. 1 1/2 mele korn og Rasmus Hatlevig 1 sk. (1 Jordskilling). 1630/31 Peder og Anders 2 1/2 l. - Det heile er St. Sleire.

 

1655/56 er det sagt slik: Oluff, Anders, Nils, Magdalene og gammel Ole Store Slire: 4 1/2 pd. ½ mk. s. Det same 1657. Ein Peder Hope - (Strande-Hope) eig 7½ mk. s. i Sleire 1654 og 1657. 1646 eig Ole, (Unge), Ole, Peder Olsen, Poffuel, Erich og Johannes tilsaman 2 1/2 l. s. Året 1666 er skyldi og 2 1/2 l.s. og desse menn er brukar:


G. Ole, 56 år gamal brukar           ½ l. 2 mk. s.
U. Ole, 32 år gamal brukar           ½ l. 2 mk. s.
Peder, 24 år gamal brukar            ½ l. s.
Tallach, 27 år gamal brukar          1 pd. s.
Erich, 50 år gamal brukar             1 pd. s.
Johannes, 50 år gamal brukar       1 pd. s.


Desse 6 er førde som brukarar, men dei er ikkje alle eigarar, for 1664 er skyldi uppgjevi til 2 1/2 l. s. og eigarane er desse: Enchen, Olle, Poel, Erich og hr. Peder Busch. 1886 er Peder Busch - prest til Lindås - eigar av heile garden. 1691 er Sandnes anneks førd som eigar og Ola og Nils brukarar, den fyrste av 1 og den andre av 1 1/2 l. s. Men det må vera feil, for seinare same året er Peder Busch uppgjeven som eigar av alt, og frå 1700 til 1710 er e. etter Peder Busch, Maren, eigar. 1714 er Lucas Steen eigar. Han kallast sume tider Lucas Olsen, og han er eigar ogso 1734. Men 1741 er det e. etter Lucas Steen som er eigar. Ho døyr kring 1748, og St. Sleire vert seld ved auksjon, og skøyte til dei nye eigarane er utferda av sorenskrivar Garmann og dagsette 1/2 1749.


Nils Olson Sleire fær skøyte på ½ l. s.
Anders Olson Sleire fær skøyte på ½ l. s.
Ola Olson Bache fær skøyte på ½ l. s.
Anders Olson Bache fær skøyte på ½ l. s. Disse skøyter tingl. 30/5 1749.


Mons Johannesson fær skøyte 13/10 1749, men det var dagsett same dagen som dei andre. Han fekk og ½ l. s.


Anders Olson Sleire og Anders Olson Bakke sel sine bruk til lensmann i Solund, Josef Johannesson Oddekalv. Skøyti dagsette 1749 og tingl. 10/5 1751. Då leiglendinagne kjøpte, vart kvart bruk betalt med 30 rdl. Lensmann Oddekalv gav 32 rdl. for kvart.


Korleis eigedomstilhøvi vert seinare, vil ein finna under dei einskilde bruk.

 

Gamle matriklar og teljingar

Kopskattmanntal 1645. Store Sliere: Anders Jacobsen. Ko: Gundela. Datter: Kari. Niels Johansen. Ko: Thuri. Søn (ikkje namn). Datter: Guri. G. Oele Oelsen. Ko: Eldri. Enchen Magdalene. Th. Dreng Oele: Th. Thøs: Anna. Husm. Anders Andersen. Ko: Ragnhilde.


Kvegskattmanntal 1657: Storeslire: Anders 1 Hest, 1 Oxe, 6 Kiør, 4 Gieder, 2 Faaer. Erich 2 Kiør, 1 Gied, 1 Faaer. Niels 1 Hest, 4 Kiør, 2 Gieder, 2 Faaer. Olluff 1 Hest, 6 Kiør, 1 Quie, 3 Gieder, 3 Faaer. Olluff 3 Kiør, 2 Gieder. Poffuel 1 Hest, 2 Kiør, 2 Gieder, 1 Faaer. Johanis 1 Ko, 1 Gied, 1 Faaer.


Matrikel etter reskript frå 1665. Store Slire: Gifer Landschyld Smør 2 1/2 Løber. Saar 9 Td., afler 25 Td., føder 36 Nøed, 2 Heste. Kand tiende 2½ Td. Leding, Fredtold, Giengier og Vedpenge 1½ Rdl. 9 Sk. Smaatiend i Mk. 4 Sk. Kand schatte af 2½ Løber Smør. Brendeschoug og noget til Husbehoef.


Skattemanntal 1666. Store Sleere: Skylder Smør 2 1/2 Løb. Op­siddere: G. Ole bruger ½ Løb 2 Mk. Smør, 56 Aar g, Sønner: Ole 7 Aar g., Siur 3 fjs. (?) Aar g. U. Ole bruger ½ Løb 2 Mk. Smør, 32 Aar g. Peder bruger ½ Løb Smør, 24 Aar g. Stiffsønner: Johans 12 Aar g., Anders 7 Aar g., Anders Andersen 3 Aar g., Hans Peder­sen 1 Aar g. Tallach bruger 1 Pd. Smør, 27 Aar g. Erich bruger 1 Pd. 3 Mk. Smør, 50 Aar g. Sønner: Ole Erichen 12 Aar g., Anders Erichen 5 Aar g. Johans bruger 1 Sp. Smør, 50 Aar g. Søn: Hans 8 Aar g. Under Husmænd og Strandsiddere: Niels 80 Aar g.


Manntal 1701: Store Slire: Johains Andersen 60 Aar g. Søn: Haagen Johansen 21 Aar g. Tallach Andersen 56 Aar g. Olle Olsen 51 Aar g. Søn: Niels Olsen 2 Aar g. Anders Erichsen 45 Aar g. Sønner: Olle Andersen 12 Aar g. Danil Andersen 4 Aar g. Olle Olsen 32 Aar g.


Prøvemartikel 1721. Store Slire: Johannes Andersen, Anders Erichsen, Ole Olsen, Ole Olsen sen. Ole Christoffersen. Saar 9 3/4 Td., høster 30½ Td., føder 46 Nøed, 39 Faaer, 5 Heste. Proprietær-gods, ligger høit til field, maadelig jordart, men meget tungvunden, hvor Høe til Fæets føde skal samles maa over en Mils vei til fields og store Urer høit i fieldskar, samles og paa Ryggen nedbæres. Uvis til Korn, ofte ligget øde hvorfor den ikke kan taale nogen forhøielse. En liden f.omqvern og lidt Birkebrende til fornødenhed. Under denne Gaard har været en f.omsag hvor paa ei noget Aar har været skaaret mer end 3-4 Tylvter bord til husfornødenhed, Hvilken sag nu er til nedfalds og aldrig mer bliver opbygd eller kommer i brug saasom ei heller nogen skoug ved Gaarden findes. Aarl. skat 19 Rdl. 3 Mk. 5½ Sk.


Matrikeltaksten 1723. Store Slire: Landsktl. 2½ L. s. Lucas Olsen med bøxel tilhørende. Ingen Plads - eller Husmand. Intet Sætter. Brendefang og Furuskoug til husfornødenhed. 1 flomqvern, 1/4 Mil fra Søen, 6/4 Mil fra Bergen. Ringe kornart og meget tungvunden ved det at en stor del fôr samles af høie Fielde. Saar 10 Td., afler 30 Td., Føder 32 Nøed og 28 Ungnød, 39 Faar, 5 heste. Skyldi var fyrr 2½ l. og vart uppsett 6 mk. Lever af Qvegets afling.

 

Brukarar.

Fyrr 1700 er det uråd å føra brukarane under visse bruk, og i eldre tider er det ikkje skild millom L. og St. Sleire. Ja sjølv i kyrkjebøkene, som tek til 1699, er ikkje alltid gjort skilna millom L. og St. Sleire.


1519 Endrit og Oloff paa Sliren. 1522 Olof paa Slære. 1563 Rasmus og Erlend paa Slir. Frå 1603 kan ein finna ut kven som hev butt på St. Sleire. 1603 Laurits og Marite. 1608 Lasse (Laurits) og Marite og Peder.


1609, 1611, 1613 Lasse, Enchen og Peder. 1620 og utyver til kring 1626: Anders og brørne Aslach og Per - odelsbønder, og att-åt dei Omund og Niels - og på Lauveidet som då høyrde under St. Sleire, Rasmus. Frå kring 1626 kjem attåt desse fem ein Oluff, og med dei 6 heldt det fram kring 1640.


1645: Sjå under kopskattmanntalet. 1648/49 “Efternevnte bor paa deres egen odel: Olluff, Anders, Niels, Magdalene og gammel Olle.

 

1657: Sjå kvegskattmanntalet. 1664: Ole, U. Ole, Peder Olsen, Poffuel, Erich og Johans. 1666: Sjå under skattemanntal. So kan ein ikkje finna noko fyrr 1691, og det året er nemnd berre tvo mann: Olle 1 L. Smør og Niels 1 1/2 L. Smør. Men 1701 er det 5 mann på garden. Sjå manntal det året.

 

 

 

Foto: Gjert-Rune Daae

 

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen