MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 16.12.09 -

BRUK 4

 

Peder Bendiksonvar den eine av tvo brukarar 1691. Ved manntalet 1701 er han 66 år g. og hev sonen Anders 4 år g.


Nils Anderssoner den eine av tvo brukarar 1717/18 og 1721 den eine av tre brukarar. 1720 fær han uppattnying av bygsel på 1 pd. s. hjå Erich a Møinichen.


Ola Andersson f. kr. 1717, d. 1765. 1741 g.m. Marite Knutsdtr.. f. 1718, d. 1765.
Born:     

a.  Ola f. 1748, d. 1765.
b.  Sygni f. 1750.
c.   Anders f. 1754.
d.   Mikkel f. ?


12/8 1739, då Vilhelm Hanssøns jordegods kom på auksjon, fekk Ivar Josefson Frøyset tilslaget på Nils Anderssons bruk 1 pd. s. for 1rdl. 1 mk. 4 sk. marken (25 rdl. 14 mk.). Han stilte bygselmannen Nils Andersson som kausjon. 8/9 1743 skøyte frå Ivar Josefson til Ola Andersson på 1 pd. s. for 24 dl. 4 mk.


14/10 1765 tingl. skifte etter Ola Andersson og kona Marite Knutsdtr. 1 pd. for 27 rdl. vart då utl. på sonen Mikkel Olson og dotri Sygni.


Åmund Svenson Lofte (Lofthus?) “i Hardanger Fogderi” fær 1/11 1765 bygsel hjå Hans Bakke, St. Sleire, m. fl. på 1 pd. s. i L. Sleire. Dette er truleg formyndarane for borni etter Ola Andersson som bygsla burt bruket. 16/10 1769 skøyter Jon Byrkjeland bruket til Åmund Svenson for 37 rdl. og 18/10 s. å. skøyter Åmund til Danchert Danchertsen Heiberg for 73 rdl. Åmund hev truleg butt på bruket til 1773, og so hev han flytt frå bygdi, for ein finn ingen ting i kyrkjebøkene um han eller nokon av folki hans.


Ola Andersson Herland. Fødebygd ukjend. Kva fyrste kona hans heitte, veit me ikkje. 1787 g.m. Ingeborg Johannesdtr. Rambjørg f. 1752 på b.nr. 3.
Born:     

a.  Lars f. 1773.
b.  Sjur f. 1776, g.m. e. Marta Jakobsdtr. Stegalvik 1810. Dei var plassfolk i Stegalvik.
c.   Kari f. 1780. Fekk sonen Østen med Østen Østeson Lille Nordal 1807.
d.   Eli f. 1789, d. 16 vikor gamal
e.   Mons f. 1792, g.m. Ingeborg Olsdtr. St. Sleire. Bustad b.nr. 9 der.
f.    Johannes f. 1794.
g.   Sjur f. 1789, g.m. Synneva Nilsdtr. St. Sleire, b.nr. 9. Bustad plasset Neset på St. Sleire.

 

14/5 1772 bygsel frå Danchert Danchertsen Heiberg til Ola An­dersson Herland på 1 pd. s. Då Ola Andersson vart attgift 1787, var han vorten husmann.


Sjur Olson Lauveidetf. 1754. 1784 g.m. Lisbet Olsdtr. Tangedal frå b.nr. 1, f. 1761.
Born:     

a.  Lars f. 1787. Nr. 7 her på bruket.
b.  Anders f. 1790. Sjå b.nr. 3, Bjørkehaugen, L. Sleire.
c.   Ola f. 1793. Plassmann på Stikkeneset under Risnes.
d.   Knut f. 1794. Plassmann Y. Haugsdal.
e.   Anna fl 1797, g.m. Hans Jonson St. Sleire 1826, b.nr. 7.
f.    Rasmus f. 1803, d. 1819.

 

1744 tingl. bygselbrev frå D. D. Heiberg til Sjur Olson “paa Ole Andersens brug”. Ved skifte etter Danchert Heiberg 1776 vart 1 pd. s. i L. Sleire utl. på dotri Henriche.

“Efter rekvisisjon av Klokker Heiberg” utferda sorenskrivar Wilhelm Frimann Kohren Christie skøyte på 1 l. s. i L. Sleire for 630 rdl. (N. V.) 5/2 1811 til Johan Hagen “Danchert Severin Hei­bergs eiende Gaard L. Sleire som hans kone arvelig er tilfalden efter Fader Danchert Heiberg. Kjøbesummen utlagt til sælgeren Joachim Heiberg”. Denne Joachim Heiberg må vera den klokkar Heiberg som rekvirerte sal av bruket.


Lars Sjurson L. Sleiref. 1787, d. 9/6 1837. 1814 g.m. Marta Monsdtr. L. Sleire f. 1789 på b.nr. 2, d. 30/11 1874.
Born:     

a.  Lisbet f. 1815, g.m. e.m. Hans Hansson Rambjørg 17/8 1851. b.nr. 1.
b.  Hans f. 1817, d. 1820.
c.   Margreta f. 1819. Sjå under nr. 10 her på bruket.
d.   Sygni f. 1822, d. 5/11 1857.
e.   Magdeli f. 1825, g.m. Johannes Olson Duesund 23/6 1858. b.nr. 9.
f.    Henrik f. 1827. Nr. 9 her på bruket.
g.   Henrikka f. 1828.
h.   Anna f. 1831, g.m. Sjur Hansson St. Sleire 23/6 1858, b.nr. 7.
i.    Ola f. 1833, d. 1834.

 

1814 bygselbrev frå kjøpmann John Hagen til Lars Sjurson på 1 pd. s. og kår til faren Sjur Olson: 1 1/2 t. korn, 1 t potetor, 1 kyr, 4 smale og 1 geit.


Hans Hansson Hostelandf. 1808 på b.nr. 7.1838 g.m. e. Marta Monsdtr. L. Sleire.
1821 skøyte frå D. (Dortea?) Sophia Charlotte f. Brügger, e. etter John Halvorsen Hagen “ved sin Laugverge til Løitnant Gerhard Daae, Frøyset, 1 Pd. Smør for 500 Spdl.” Kjøparen skulde betala det skøyte kosta, svara landsk. og arbeid: “sage 1 1/2 Favn Birkeved og skaffe ½ Pd. Smør. Skulde Bruget i min Levetid blive bygsel ledigt, forbeholder jeg mig den fulde bygsel af samme, og paalegges Hr. Leutnant Daae eller efterkommende eier at bortbygsle bruget efter overlæg med mig uden nogen indskrenkning i min Indtægt og Bygsel”.
1832 skøyte frå Gerhard Daae til sonen Hans Daae 1 bp. s. i d.g. for 100 spdl. og bygselbrev frå Hans Daae til Hans Hansson.


Henrik Larsson L. Sleiref. 1827. Han er sovidt ein kan sjå berre eigar. Han bygslar det til systermannen, nr. 19 her på bruket. Henrik hev teke kår av bruket. Han d. 23/6 1884 og kallast då “Kaaredreng”.


10  Ola Johannesson St. Matref. 1826 på b.nr. 3, d. 8/1 1907. 1854 g.m. Margreta Larstdr. L. Sleire f. 1819, d. 25/5 1900.
Born:     

a.  Marta f. 1857, g.m. Ola Sjurson St. Sleire 29/3 1882, b.nr. 7.
b.  Johannes f. 1860. Nr. 11 her på bruket.
Ola Johannesson bygsla hjå Henrik Larsson og svara kår til Hans Hansson og kona. Etter deira død skulde kåret svarast til Henrik Larsson. Bygsel- og kårebrev tingl. 12/12 1867.


11  Jokannes Olson L. Sleiref. på Steine, Gulen 1860, d. 3/8 1903. 25/6 1885 g.m. Marta Johannesdtr. Duesund f. 1862 på b.nr. 9.
Born:     

a.  Margreta f. 12/9 1886, g.m. Ola Erikson Fausdal 1/1 1935. Dei bur i huset på bruket
b.  Ola f. 11/5 1888. Nr. 12 her på bruket
c.   Johannes Martin f. 22/5 1891. Sjå b.nr. 6 L. Sleire.
18/5 1885 tingl. skøyte frå Henrik Larssons myndige arvingar til Johannes Olson for 2400 kr. og kår til Johannes Olson og Mar­greta Larsdtr. (500 kr.).


12  Ola Johannesson L. Sleiref. 11/5 1888. 18/6 1915 g.m. Anna Torsdtr. Bergsvik f. 12/3 1891.
Born:     

a.  Marta f. 11/2 1916, g.m. ein bonde på Sætre i Brekke.
Skøyte frå e. Marta Johannesdtr. til sonen for 1600 kr. Då er b.nr. 6 fråskild.


13  Øystein Basteson Fanebustf. 3/3 1901 i Lindås. Ein har ikkje fleire opplysningar om han.
19/6 1941 skøyte frå Ola Johannesson L. Sleire til Øystein Baste­son Fanebust.


14  Martin Ragnvaldson Sleire f. 23/5 1923 på b.nr. 7 (1b), g. 26/8 1950 m. Marta Johannesdtr. Litle Sleire f. 11/2 1929 på b.nr. 6 (1c).
Born:     

a).  Inghild f. 18/3 1951, g. 1971 m. Olav Østensen frå Bremnes. Ekteskapet oppløyst. Attgift 17/2 1978 m. Dag Øyen f. 1/2 1952 i Kristiansund. Bur i Førde.
Deira born:
a. Ragnhild f. 22/1 1976
b. Eivor f. 10/4 1982

b).Marny f. 1/4 1954, g. 9/8 1975 m. Jostein Olav Vatne f. 2/1 1953 i Volda. Bur i Ørsta.
Deira born:
a. Martin f. 26/9 1978
b. Marthe f. 2/5 1983
c). Rolf Magnus f. 1/4 1958, g. 18/9 1987 m. Arnhild Kjellevoll f. 8/5 1958 frå Dalsøyra. Bur der.
Deira born:
a. Andrea Kristin f. 9/6 1985
b. Rolf Erlend f. 20/10 1987
c. Ingeborg Marie f. 7/5 1990

 

Skøyte 16/11 1946 frå Øystein Fanebust til Martin Sleire for 3650 kr.

 

Skøyte 4/10 1984 til Rolf Magnus Sleire for kr. 6000.

 

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen