MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 03.05.11 -

G.nr. 8. TANGEDAL. (Tångedalen)

 

BRUK 1

BRUK 3

BRUK 5

BRUK 2

BRUK 4

 

 

Tangedal
Tangedal

 

Um namnet seier O. Rygh: “Av taugi m. landtange”. Denne tydingi av namnet er sikkert rett, for uttalen i bygdi er Tångedal, og på bygdemål heiter “en tange” ein tångje. Nedanfor heimebøen er eit vatten, og ut i det vatnet stikk ein liten tangje.


Gamle skrivemåtar: 1563 Thangedall. 1561 Tongedall. 1604 Thongedall. 1624 Taungeland (feilskrift). 1645 Thongedalh. 1657 Tangedall. 1661 og 1691 Tangedahi. 1701 Tongedal. Matriklane: 1665 Tongedal. 1718 Tangedahl. 1723 Tongedalen. 1838 Tungedal. 1886 og sidan Tangedal.


Grensor: I sud til Frøyset, i vest til Rambjørg, i nord til Gulen og i aust til L. Sleire.

 

Gamle matriklar og teljingar

Kopskattmanntalet 1645. Thangedahl. Rasmus Andersen. Ko: Marite. Datter: Ragnhilde. Lauritz Nielsen. Ko: Christie. Huus­mand: Daniell. Ko: Berete.


Kvegskattmanntalet 1657. Tongedall: Laurs 1 Hest, 3 Kiør, 1 Quie, 3 Gieder, 3 Faaer. Daniell 1 Hest, 2 Kiør, 2 Gieder, 4 Faaer. Rasmus 2 Kiør, 1 Gied, 1 Faaer.


Matrikel etter reskript frå 1665. Tongedal gifer aarlig Land-skyld Smør i Løb. Saaer 2½ Td., Afler 10 Td. Føder 20 Nøed, 1 Hest. Kand tiende 1 Td. Leding, Fredtold, Giengier, Vedpenge 1/2 Rdl. 13 Sk. Smaatiende 8 sk. Kand schatte af 1 Løb Smør. Brende­fang och husbehoef.


Manntal 1666. Tangedall: Lavritz bruger 1/2 Løb Smør, 63 Aar g. Søn. Eijnar hiemme, 12 Aar g. Daniel bruger ½ Løb Smør, 40 Aar g. Sønner: Peder, hiemme, 12 Aar g., Hans, hiemme, 8 Aar g.


Manntal 1701: Tongedal. Opsiddere: Anders Andersen, 50 Aar g. Søn: Daniel Andersen, hiemme, 4 Aar g. Christopher Johansen 60 Aar g. Sønner: Johan Christophersen, hiemme, 16 Aar g. Jon Christophersen, hiemme, 4 Aar g.


Prøvematrikel 1721. Tungedal. Anders Andersen, Joen Chri­stophersen. Saar 5 Td., høster 14 Td. Føder 20 Nød, 24 Faar, 2 Heste. Proprietærgods, ligger høit til fields, tungvunden og uvis til Korn, saa at sæden i somme aar ei kan igjen bekommes. Ingen herlighed uden en liden Flomqvern og lidt bierkebrendefang til husfornødenhed. Udgifter: 7 Rdl. 5 Mk. 4 2/5 Sk.


Matrikeltaksten 1723: Tangedallen. Landsk. 1 L Smør. Amt­mand Frimann med bøxel tilhørende. Intet Husmandsæde: Intet Sætter. Brendeskong og lit furuskoug til husfornødenhed. 1 flom­qvern. Ligger ½ Mil fra Søen, 6 1/2 Mil fra Bergen. Meget aarvant til Korn og samles en stor del Høe af udrnarken. Ligger snefast. Saar Havre 5 Td., afler 15 Td. Føder 16 Kiør, 8 Ungnød, 24 Faar, 2 Heste.


Skyldi vart sett upp med 9 mk. til i 1.9 mk. smør. Den strofen som er skriven um dei fleste gardar. kva dei lever av, hev dei gløymt å føya til um Tangedal.

 

Eigedomstilhøvi

Garden høyrde til Bildegodset 1624. - 1648/49 Cbristopher Gøe. 1664 Bispen eier og bøxler. 1686 Tomas Schieldrnps arvinger (bispens arvingar). Dei same 1691. 1696 Johan Madsen. 1620 og 1623 oberst Christen Krag. So er justisråd Frimann vorten eigar ved giftarmål med e. etter Johan Madsen. Krag hev truleg berre bygsla burt på vegne av Frimann. 1753 sel e. etter Frimann, Anna Hansen, det eine bruket til Ole Erichssen Hosteland og 1757 bygslar ho ½ l. til Lars Jonson. 1771 fær Jørgen Christen Morsing, Borger og indvaaner udi Bergen, - auksjonsskøyte ved sorenskrivar Garmann. 20/10 1772 skøyter Morsing til Lars Jonson i pd. 12 mk. S. for 85 rdl. Samstundes skøyter Morsing hin halvparten av dette bruket til Ola Erikson for same pris. Begge kjøparane måtte 1773 gjeva pant i garden til Henning Dahl, Lars for 47 dl. og Ola for 72 dl. Son til Ola Erikson, Erik, selde 1782 til Hogne Erikson Risnes for 85 rdl., og bygslar att bruket. Hogne skøytte bruket til sonen Kristen Hogneson Bergsvik 1823 for 140 rdl. og Kristen skøytte 1828 til sonen Erik Kristenson Mjanger for 110 spdl. Sidan fær sonen til Erik, Lars, bruket.

 

 

 

Foto: Gjert Rune Daae

 

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen