MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 30.11.10 -

GAMALT BRUK 4

 

Henrik Torgeirson. Nemnd fyrste gong 1645, siste 1691. 1645 heiter kona hans Ragnhild. 1666 er han sagd vera 50 år. Han brukte 1 pd. 6 mk. s. 1691.


Torgeir er brukar til 1718. Fødestad ukjend. Han er truleg g.m. dotter til Henrik.
Born:     

a.  Henrik f. 1704.
b.  Lars f. 1705. Kom til Totlandsdalen 1726.
c.   Marite f. 1710.
Bygselsetel ikkje funnen.


Lasse Sjurson Frøyset f. 1745, d. 1779. 1773 g.m. Kari Sjursdtr. Hosteland f. 1746 på b.nr. 5, d. 1781.
Born:     

a.  Sjur f. 1773. Vart uppalen på Hosteland. Kom til Mongstad.
b.  Mons f. 1774.
c.   Dordi f. 1779.
Bygsel på 18 mk. s. frå Arnoldus de Fine.
25/12 1779 skifte etter Lasse Sjurson. Av borni levde då berre Sjur.


Knut Bertelson S. Hope f. 1756 på b.nr. 1. 1779 g.m. Brita Monsdtr. Sandnes f. 1750 på b.nr. 1.
Born:     

a.  Bertel f. 1780.
b.  Marta f. 1781, d. 1785.
c.   Mons f. 1784, d. 1785.
d.   Bertel f. 1786. Bygsel i Rognøy 1806.
e.   Marite f. 1788.
f.    Anna f. 1791.
g.   Rasmus f. 1794. Sjå Lidi S. Hope.


1780 bygsel frå Ludvig Daae til Knut Bertelson Hope 18 mk. s. Knut flytte sidan til Lidi S. Hope.

 

ÆTTI DAAE PÅ FRØYSET

 

Fenrich a la Suit Gerhard Ludvigson Daae, son til sokneprest til Lindås, magister Ludvig Daae. 1791 g.m. jomfru Marthe Marie Brügger, dotter til major Brügger, Torsvik, f. 1771, d. 1831.
Born.     

a.  Drude Catharine Marie f. 1792, g.m. Arne Hogneson Riis­næs 1816. Sjå Risnes b.nr. 3.
b.  Hans Engel f. 1794. Nr. 1 på b.nr. 4.
c.   Ludvig f. 1797. Bustad Risnes b.nr. 1 og 2.
d.   Karen Andrea Brügger f. og d. 1800.
e.   Jonas f. 1803. Nr. 1 på b.nr. 1.

1786 skøyte frå madam Drude Daae til sonen Gerhard 1 l. s., 1 hud, ½ t. malt for 252 rdl. Kår mykje han brukte av garden, er ikkje so godt å seia, men ei tid bygsla han burt noko.

 

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen