MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 29.11.10 -

STØLEN OG KIDØY

 

STØLEN UNDER BRUK 3

 

Ola Lasseson. Kan henda son til Lasse Knutson Dragøy under Torsvik. D. 8/5 1862, 59 år gamal. Kva kona hans heitte, veit ein ikkje. 4/8 1871 døyr legdslem e. Dordi Bendiksdtr. Risnes, f. 1785. Ho er kan henda e. etter Ola Lasseson.
Dagsett 1847 og tingl. 1848 festesetel frå Erik Arneson Riisnæs til Ola Lasseson Risnes på Stølen for 10 år.

 

KIDØY, SØRE

 

Ola Hansson Rambjørg f. 1819 på b.nr. 1 og 2. 26/4 1859 g.m. Anna Olina Rasmusdtr. Sjurset frå Lindås.

Etter uppteikning av lensmann Erik A. Riisnæs d. e. budde Ola Hansson på plasset frå 1859 til 1871.


Nils Ivarson Kvamme f. 9/5 1849 på b.nr. 5. 3/6 1873 g.m. Brita Nilsdtr. Emestrand frå Myking.
Born:        

a.   Josefina f. og d. 1874.
b.  Ivar Nikolai f. 3/8 1875.
c.   Josefina Helena f. 8/10 1877, g.m. Steffen Olson Elvik b.nr. 2.
d.   Steffina Olina f. 27/10 1879, g.m. Helleman Jonson Kvam­me frå b.nr. 5. Utvaudra til U.S.A. 5/4 1907. Der er dei farmarfolk.
e.   Amandus f. 20/1 1884.
f.    Oluf f. 12/9 1886.
g.   Nilla Bergitta f. 30/11 1889.
Nils budde på plasset frå 1874 til 1894. Då kjøpte han seg jord ein stad på Romsdalen. Nils dreiv som skippar på ei skøyta medan han budde i Masfjorden.
I 1930-åri vart Dyrøyi under garden Risnes selt til Elias Larson Kjetland f. 11/9 1889, g.m. Ragnhild Aletta Olsdtr. indre Haugsdal f. 24/11 1905 på b.nr. 6.

 

KIDØY, NORDRE

 

Andreas Andersson Haugsøy f. 1838, d. 8/8 1872. “11/8 1864 gifte: U.k.tjener Andreas Andersen Risnes opholdssted Haugsøen 26 aar og pigen Madsi Andersdtr. Hjertaas 26 aar. Hans far plm. Anders Anderssen Haugsøen.”
Born:        

a.   Andrea Matea f. 29/11 1869, g.m. Karl Lasseson Tykhelle. Bustad: Lindås. Plm.
3/6 1869 tingl. festesetel frå Martinus Hansson Daae til Andreas Andersson Risnes og event. e. på plasset Kjeøen.
Massi som var f. i Austrheim, vart 23/10 1891 attgift med e.m. Johannes Olsson Dusenøyi, Duesund. Då han d. flytte ho til Lindås til ei dotter og d. der væl 100 år gamal.


Karl Magneson Tvibornes frå Lindås. 9/6 1872 g.m. Gjertrud Hansdtr. Rambjørg f. 30/11 1840 på b.nr. 1.
Born:        

a.   Randi f. 1873, d. 1874.
b.  Severina Randi f. 14/10 1876. Sjukesyster. Bustad Bergen.
c.   Hans Martin f. 24/6 1881, g.m. Lina Ivarsdtr. Rosnes, Lindar. Bur der.
Karl budde på Kidøy frå 1874 til 1895. Flytte til Tvibornes og fekk jordbruk der.

 

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen