MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 29.11.10 -

PLASS UNDER RISNES

 

Ved kopskattmanntalet 1645. Husmann Magne. Kona Berete.
Ved skattemanntal 1666. Husmann Christen 80 år gamal.
Stikkeneset, sidan 1891 b.nr. 4, men no bur det ikkje nokon på bruket, det er lagd til b.nr. 1.


Ola Sjurson L. Sleire f. 1793 på b.nr. 4, d. 8/11 1868. 1819 g.m. Johanna Jonsdtr. Risnes, d. 5/2 1839. Kven Jon Risnes er, er ukjent. 1840 g.m. Johanna Monsdtr. Rambjørg f. 1804 på b.nr. 3 og 4, d. 1/6 1870.
Born:        

a.   Sjur f. og d. 1820.
b.  Sjur f. og d. 1821.
c.   Lisbet f. og d. 1822.
d.   Ragnhild f. 1823. Sjå under nr. 2 her.
e.   Sjur f. 1825, g.m. Lisbet Olsdtr. Rognøy 3/7 1860. Bustad Y. Haugsdal. Fekk 5 born der. Flytte til Glenjen.
f.    Johanna f. 11/6 1841. Budde heima.
g.   Mons f. 25/2 1843, g.m. Kari Lassesdtr. Torsvik 9/10 1875. Kari var f. på Dragøy under Torsvik 12/8 1850. Bustad: Kjellby, Gulen.
h.   Lars f. 2/2 1844, g.m. Trina Jetmundsdtr. Hosteland 21/10 1870. Sjå b.nr. 2 L. Sleire.
i.    Ola f. 19/1 1848, g.m. Eli Ivarsdtr. Lauvås frå Lindås 28/6 1876, ei dotter til Ivar Larsson Lauvås f. på Fosse i Masfjorden. Ola Olson budde ei tid på Lauvås, men kom so til L. Sleire, b.nr. 5.
Ola Sjurson fekk festesetel frå Gerhard Daae 1832.

 

Mons Lasseson Torsvik f. på Dragøy 1815, d. 20/4 1882. 27/6 1859 g.m. Ragnhild Olsdtr. Risnes f. 1823, d. 12/2 1904.
Born:        

a.   Johanna f. 29/5 1861.
b.  Knut f. 4/5 1864. Bustad Bergen. Maskinist?
c.   Andrea f. 11/3 1868.
13/7 1860 tingl. husmannssetel frå Erik Arneson og Martinus Daae til Mons Lasseson Torsvik og kona Ragnhild Olsdtr. på plasset Stikkenes mot å svara kår til Ola Sjurson og Johanna Monsdtr.
Stikkeneset vart 1891 utak. frå b.nr. 3 og seld til Rasmus Torgeirson Haugsvær for 300 kr. Sidan hev det gjenge frå ein til annan eigar, til det no hev same eigar som b.nr. 1, Martinus Daae Børnes.

 

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen