MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 29.11.10 -

BRUK 3

 

Her vert førd eit av dei tre gamle bruki, og frå 1832 b.nr. 3.


Jon åleine på garden 1563.


Mogens nemnd fyrste gong 1603, siste gong 1617. Han er truleg son til nr. 1. Sjå namneskikken nedanfor.


Enkja etter Mogens styrer bruket til 1628.


Erik Mogenson son til nr. 2. Nemnd siste gong 1668. 1645 heiter kona Anna. Erik var bondelensmann saman med Klaus Molde 1649/50 og 1651. Ved skattemanntal 1666 brukar han tredje­parten av garden ½ 1. s. 1/2 t. malt, og hev sonen Erik, 6 år, og tenestgut Bård 28 år. Under bruket er då husmann Christen, 80 år.


Jon Erikson Risnes f. kr. 1643, d. 1705. Skifte då. g.m. Sygni Monsdtr..
Born:        

a.   Erik f. 1698.
b.  Randi f. 1704, g.m. e.m. Hans Ivarson Rossnes, Lindås, 1756.
Bygsel dagsett på Skjærjehamnen 27/10 1689 og tingl. 15/2 1690.


Jetmund Olson Høyvik frå Gulen. g.m. e. Sygni Monsdtr.
Born:        

a.   Jon f. 1706. Nr. 7 her på bruket
b.  Ola f. 1709. Bustad Haugsvær b.nr. 4.
c.   Sygni f. 1712, d. 1787.
d.   Mons f. 1716.
Dagsett 16/2 og tingl. 7/7 1705 bygsel frå Johan Madsen ½ 1. s. ½ t malt.

 

Jon Jetmundson Risnes f. 1706, d. 1742. g.m. Gjertrud Henriksdtr.. Fødestad ukjend.
Born:        

a.   Randi f. 1730.
b.  Lisbet f. 1732, g.m. Ola Olson St. Sleire 1761, b.nr. 7.
c.   Sygni f. 1735, g.m. e.m. Lars Olson Hosteland 1767, b.nr. 3.
d.   Jetmund f. 1738, g.m. e. Magdeli Olsdtr. Hopland, Austr­heim 1763.
e.   “Tvende døtre”, d. 1741, den eine 6 dagar og den andre 8 dagar gamal.
28/7 1729 bygsel frå Christen Krag på 18 mk. s.1 mele malt, og 24/11 1735 bygsel frå Henning Frimann på 1/4 l. s. ¼ t malt. Han lova å svara “14 sk. i Saugleie”.

 

Erik Hogneson Haugsvær f. 1718 på b.nr. 4, d. 1787. 1742 g.m. e. Gjertrud Henriksdtr.Risnes, d. 1750. 1750 g.m. e. Sigrid Monsdtr. S. Hope f. i Y. Haugsdal på b.nr. 5. 1743 g.m. Ola Ivarson Torsvik, som var frå S. Hope og flytte dit etter dette giftarmålet og tok farsbruket på S. Hope, b.nr. 1.
Born:        

a.   Gjertrud f. 1753, g.m. Ola Hausson Torsvik 1773. Bustad Torsvik.
b.  Hogne f. 1757. Nr. 9 her på bruket.
Dagsett og tingl. 25/6 1742 bygsel frå “Madame Margretha Sal. Krag på Justitsraad Frimanns vegne” til Erik Hogneson ½ 1. s. ½ t. malt i Risnes.

 

Hogne Erikson Risnes f. 1757, d. 1834. 1777 g.m. Marta Arnesdtr. I. Hope f. 1750 på b.nr. 1.
Born:        

a.   Kristen f. 1778, g.m. e. Dordi Hansdtr. Bergsvik 1799. Bustad der.
b.  Erik f. 1779, d. 1800. Drukna.
c.   Siri f. 1781, g.m. Mons Henrikson S. Hope 1804, b.nr. 7.
d.   Kari f. 1791, g.m. Lars Johanneson Elvik, b.nr. 3.
e.   Sygni f. 1791, g.m. Hans Gerhardson Daae, Frøyset, 1816, b.nr. 4.
f. Arne f. 1793. Nr. 10 her på bruket.
Dagsett 25/3 og tingl. 22/5 1776 bygselsetel frå magister Ludvig Daae til Hogne Erikson på 18 mk. S. og 1787 bygsel på resten.

 

10  Arne Hogneson Riisnæs f. 1793, d. 7/12 1841. 1816 g.m. jomfru Drude Catrine Marie Gerhardsdtr. Daae, Frøyset f. 1792, d. 11/9 1864.
Born:        

a:   Karen Andrea f. 1816, d. 1817.
b.  Karen Andrea f. 1817, g.m. Lars Mikkelson Spjotøy, Lindås 1839. Sjå utflytte.
c.   Erik f. 1819. Nr. 11 her på bruket.
d.   Marta Maria f. 1821, g.m. Nils Kristianson Kolås, Lindås 6/1 1850. Sjå utflytte.
e.   Henrikka f. 1823, g.m. bødker Erik Jørs 1849. Utvandra til U.S.A.
f. Gjert f. 1825, g.m. Berta Elisa Horvik 1850. Bust. Bergen.
g.   Ludvig f. 1827. Lærar og kyrkjesongar i Gulen. Sjå utfl.
h.   Johan Christoffer f. 1829, g.m. e. Anna Sofia Bjåstad, Hosteland, b.nr. 3.

 

1820 bygsel frå Gerhard Daae, Frøyset til Arne Hogneson på ½ 1. s. ½ t malt, og kår til foreldri: 4 t. korn, 2 t. potetor, 4 kyr, 6 smale. 1832 skøyte på halve Risnes 2 bp. 6 mk. s., 3 melar malt og kår: 2 spdl. årl. i reide pengra, 2 mjølkekyr, 3 smale, 2 geit. “Kjørene besørges melket af mig (Arne Hogneson) og melken tvende gange daglig leveret til hans hus. Endvidere leverer han år­lig ved St. Hanstider 2 ferske Laks, hver til 1 bp., bruge og benytte efterfølgende jordstykke: 1 stykke i qvadrat hvorpå han har opsat en bygning, en agerteig kaldet Lien, et skovstykke Botnehaugen og indre Nesset. Det bemerkes at disse bemeldte jord- og skovstykker eier jeg blot halvdelen, da den anden halvdel eies af Ludvig Daae - tilfalder efter kaartagerens død en halvpart hver.”
Arne Hognesson var lærar og kyrkjesongar i Masfjorden.

 

11  Erik Arneson Riisnes f. 1819, d. 13/2 1881. 18/7 1847 g.m. Marta Andersdtr. Laastad, dotter til lensmann Laastad, Lindås, f. 1825, d. 13/7 1895.
Born:        

a.   Arne Gabriel Daae f. 18/4 1848. Nr. 12 her på bruket.
b.  Christen Andreas Laastad f. 12/10 1849. Underoff., d. ung.
c.   Kaspar Martin f. og d. 1851.
d.   Caspar Martin f. 21/10 1852, d. 31/5 1868.
e.   Elisabet Maria f. 15/7 1855, g.m. sersjant Hans Engel Daae, Elvik, 11/10 1876. Hans Daae vart lensmann i Alversund.
f.    Henrik Severin f. 25/7 1858, g.m. Øllegaard Kristensdtr. Frøyset frå b.nr. 4, 14/6 1886. Han var pianofabrikant i Bergen. Sjå utflytte, side 121.
g.   Harald Johan f. 6/10 1864. Vart jurist, budde i Vik, Sogn. Praktiserte som sakførar, og vart politimestar i Sogn.
h.   Katrina Martina f. 19/5 1868, g.m. styrmann Nils Rasmus­son Valde, 26/6 1894. Han son til kyrkjesongar, lærar og bonde Rasmus V. Alværsund.

 

1843 samfrendeskifte etter Arne Hogneson. Då vart bruket utl. til sonen Erik mot at han svara pengar til mori og syskeni.

 

Erik var lærar og kyrkjesongar i Masfjorden, og sidan lensmann. Representant på stortinget fleire valbolkar. Sjå Frølich: Masfjordens Historie.


12  Arne Gabriel Daae Riisnes f. 18/4 1848, d. 17/5 1922. 9/7 1883 g.m. Sofia Gjertsdtr. Daae, Frøyset, f. 5/8 1856 på b.nr. 4, d. 12/6 1896.
Born:        

a.   Margit f. 2/6 1884, g.m. artilerisersjant Kristen Torson Bergsvik 10/9 1906. Bustad Bergsvik.
b.  Gudrun f. 30/6 1886, g.m. Jonas Gjertson Hosteland frå b.nr. 2, 14/4 1908. Bonde i Botne ved Holmestrand.
c.   Erik f. 23/5 1890. Nr. 13 her på bruket.
d.   Øystein f. 24/2 1892, d. 13/1 1929. Postekspeditør i Bergen.
e.   Borghild f. 13/8 1895, g.m. lærar Sigurd Johan Monsson Kalhovda frå b.nr. 2, 1921.

 

28/6 1884 tingl. skøyte frå e. etter Erik Riisnæs til sonen Arne for 6000 kr. og kår (1000 kr.).
Arne var lærar og kyrkjesongar og etter farens død lensmann i Masfjorden.

 

13  Erik Arneson Riisnes f. 23/5 1890, d. 7/9 1935. Gift 26/11 1918 m. Aslaug Johanna Jonasdtr. Daae, f. 21/3 1899 på Frøyset, b.nr. 1 (3a), d. 29/3 1985. Erik Riisnes var lensmann frå 1919.
Born:        

a.)   Sofia f. 19/8 1919, g. 4/7 1942 m. Olav Slinde frå Sogndal. Bur i Bergen.
Deira born:
a.    Erik f. 25/3 1946, g. 25/7 1970 m. Ingrid Berg, f. 27/11 1949. Bur i Bergen.
b.    Berte f. 26/3 1950, g. 30/7 1977 m. Lars Petter Tveteraas f. 21/4 1953. Bur i Åsane.

---------------------------------------------
b.)  Karen Johanna f. 7/1 1921, d. 20/5 1985.
c.)   Øllegård Alice f. 18/10 1922, g. 3/7 1948 m. Ottar Engesæter f. 21/2 1918. (Sjå Y.Haugsdal b.nr. 6, 7a). Bustad Alvøy.
Deira born:
a.    Sigmund f. 11/9 1949, g.m. Irene Solem Hansen f. 16/7 1953 i Trondheim. Bur i Bergen.
b.    Erik f. 30/6 1951, g. 14/5 1976 m. Elise Bjørg Sundahl f. 24/8 1951.
c.    Arne Ottar f. 26/11 1955, sambuar m. Marit Helene Krakhella f. 6/10 1957. Bur i Bergen.

----------------------------------------------
d.)    Arne Gabriel Daae f. 20/8 1924. Nr. 14 på bruket.
e.)    Jonas Egil Daae f. 25/3 1928. Sjå b.nr. 5.
Skøyte 6/10 1920 frå Arne Riisnes til sonen Erik for 8000 kr og kår.


14  Arne Gabriel Daae Riisnes f. 20/8 1924, d. 23/10 1988. Gift 14/12 1949 m. Annie Andreasdtr. Otterstad f. 11/9 1927 i Bergen. Sjå også under nr 4, Selvågen under Reknes.
Born:        

a.   Margit f. 10/2 1952, d. 31/10 1952.
b.  Aslaug f. 24/8 1953, g. 14/4 1972 m Jan Henrik Munksgård f. 14/5 1943 i Kristiansand. Bur der.
Deira born:
a.    Hans f. 19/10 1972
b.    Angjerd f. 9/1 1977
c.    Erik Andreas f. 11/7 1956, g. 27/2 1982 m. Marit Helene Lygre, f. 15/3 1960 i Fusa. Nr. 15 her.
d.    Øystein f. 22/8 1961, d. 19/6 1968
Skøyte 16/2 1937 frå Aslaug Daae Riisnes til sonen Arne for 6000 kr og kår.

 

15  Erik Andreas Riisnes f. 11/7 1956 (14c), g. 27/2 1982 m. Marit Helene Lygre f. 15/3 1960 i Fusa.
Born:        

a.   Arne Andreas f. 29/9 1982
b.  Karen Margrete f. 12/3 1985
Erik Riisnes var ordførar frå 1990-91.
Skøyte 5/2 1992 frå Annie O. Riisnes til Erik Riisnes for kr 40000. Verdi kr 210000.

 

Utflytte frå b.nr. 3.

Karen Andrea Arnesdtr. Riisnæs f. 1817, g.m. Lars Mik­kelson Spjotøy. Lars var bonde i Spjotøy til 1870. Då reiste dei til Amerika, der Lars var farmar. Han d. 1885 og kona d. 1916.
Born:        

a.   Kristen f. 1840. Farmar i U.S.A., d. 1919.
b.  Arne Larsson f. 1842, g.m. Abigal Heggelund. Arne var skomakarmeistar i Bergen, d. 1914.
c.   Ludvig Larsson f. 1845. U.S.A. Bødker, farmar, kjøpmann og tilslutt bankier, og eigar av store plantasjer.
d.   Kaspar Martin Larsson f. 1848. U.S.A.
e.   Drude Katrine Larsson f. 1851. U.S.A., d. 1873.
f.    Gjert Larsson f. 1854. U.S.A.
g.   Henrikka Elisabet Larsson f. U.S.A.

 

Marta Maria Arnedtr. Riisnæs f. 1821, d. 1879. 1850 g.m. bonde Nils Kristianson Kolås, Lindås. 1856 g.m. Sjur Andersson Fjelde frå Hosanger.
Born:     

a.  Aletta Nilsdtr. f. 1850, d. ung.
b.  Katrina Nilsdtn, g.m. Tor Kirstenson Bergsvik, Masfjorden Bustad Bergsvik.
c.   Aletta Nilsdtr., d. ung.
d.   Nikolina Nilsdtr., g.m. Ivar Olson Kolås. Bustad Kolås.
e.   Gjertrud Sjursdtr. f. 1857, g.m. Mons Jetmundson Hoste­land. Bustad Kalhovda, b.nr. 2.
f. Aletta Sjursdtr., d. ung.

 

Ludvig Arneson Riisnæs f. 1827. Lærar og klokkar i Gulen, d. 1896. 1850 g.m. Christiania Sophie Nitter. 1858 g.m. Anne Kristine Nitter. Begge konene døtre til lensmann Jens Nitter, Y. Holmedal.
Born:        

a.   Drude Christiane f. 1851, g.m. telegrafstyrar August Lahn 1873.
b.  Jensine Andrine f. 1852, g.m. fullmektig ved Jarnbana, Thorvald Holmsen, bustad Oslo.
c.   Sophie Amalie Uchermann f. 1854, g.m. prest i Amerika, Hans Olson Østgulen frå Gulen 1890.
d.   Henrikke fl 1855. Husbestyrerinne ymse stader, sist hjå kand. teol. Brandtzæg i Øystese, Hardanger.
e.   Jens Arnold f. 1859, g.m. Kari Halvardsdtr. Lie 1893 og 1899 g.m. Elisa Maria Frøystad. Jens var lærar ymse stader, ei tid i Lindås, der han ogso var kyrkjesongar til Lindås kyrkja. Han søkte seg attende til Lier, der han fyrr hadde vore lærar.
f.    Doris Christiane f. 1861, d. 1862.
g.   Wilhelmine f. 1864, g.m. lærar Christian Hansson Dumben, lærar i Gulen.
h.   Ragna f. 1868, d. 1900 som husbestyrerinne hjå kand. teol Brandtzeg.
i.    Harald f. 1871, g.m. Elisa Margreta Pedersen frå Gulen. Han hev vore handelsbetjent i ymse firma i Bergen.
j.    Wilhelm Christian f. 1875. Skipsførar i Sogn og Fjordane Eimbåtslag.
k.   Wilhelms Jarman Nitter f. 1878. Kontorist i Bergen, d. 1905.


Nr. 11 f. (b.nr.3). Henrik Severin og kona hadde desse borni:
a.  Erik. Forretningsmann i U.S.A., g.m. ei amerikansk dame. Har fleire born.
b.   Øyvind. Reist til U.S.A. D. ugift.
c.   Magnus, g.m. Astrid Bull. Bur Bergen. Han bokhaldar i Lindås Masfjorden D/S-lag. Ingen born.
d.   Aslaug, g.m. disponent E. Serck Hansen, Bergen. 2 born.
e.   Solveig. Reist til U.S.A. Gift der burte.
f.    Kristen. Busett London. g.m. engelsk dame. 4 born.
g.   Claus Daae, ugift

h.   Karstein, d. ung som sjømann.

 

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen