MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 29.11.10 -

BRUKARAR PÅ “STORE” HAUGSØEN

 

Olluff i Hoxø nemnd 1611.


Rasmus Hugsøen nemnd 1620.


Siffuert nemnd 1640/41.


Mogens nemnd fyrste gong 1657, siste 1668. Ved manntallet 1666 er han førd under Huusmænd og Strandsiddere og er 65 år gamal. Han hev truleg vore g.m. e. etter Siffuer (Sjur), og so hev son til Sjur teke bruket då han vart vaksen.


Niels Sjursen nemnd fyrste gong 1666, er då 24 år gamal Nils nemnd siste gong 1696.


Hans Olson nemnd fyrste gong 1701, er då 40 år gamal g.m. Brita Nilsdtr.., truleg dotter til nr. 5. 14/10 1726 tingl. skøyte frå Christian Krog til Brita Nilsdtr. på ½ pd. fisk.
Born:        

a.   Ola f. 1697. Lagnad ukjend.
b.  Erik f. 1698. Lagnad ukjend.
c.   Nils f. 1700. Nr. 7 her på bruket.


Nils Hansson Haugsøen f. 1700, d. 1771. Skifte då. g.m. Gjertrud Andersdtr.., d. 1738. Skifte då. So hev Nils vore attgift, men ein veit ikkje namn på andre kona.
Born:        

a.   Hans f. 1729, d. fyrr skifte etter mori.
b.  Ingeborg f. 1730, g.m. Mons Hansson Ulvøy, Lindås 1768.
c.   Anna f. 1732, g.m. Jakob Olson Njøten, Austrheim.
d.   Lisbet f. 1734, g.m. Ola Besseson Fjellanger (f. Molland) 1774.
e.   Anna f. 1735, d. 1799.
f.    Ola f. ?, er nemnd som ein av dei som skøyter bruket burt 1779.
g.   Eit barn f. og d. 1740.
h.   Hans f. 1741. Lagnad ukjend.
i.    Jon f. 1743. Nr. 5 på Lille Haugsøen.
j.    Erik f. 1744. Nr. 8 her på bruket.


Erik Nilsson Haugsøen f. 1744, d. ? 1774 g.m. Marta An­dersdtr. Sleire. Truleg frå b.nr. 9 St. Sleire, grd. 10. 1798 g.m. e. Dordi Rasmusdtr. Haugsøen. Sjå L. Haugsøen.
Born:        

a.   Ola f. 1776. Lagnad ukjend.
b.  Kari f. 1780, g.m. Erik Hansson Byrkjeland frå b.nr. 3, 1803.
Bustad: Bergen.
c.   Anders f. 1782. Lagnad ukjend.
d.   Brita f. 1786. Lagnad ukjend.
Erik må ha flytta frå Haugsøen, då ein ikkje finn dødsår kor­kje for han eller siste kona hans. Også 1781 bygslar Ola Hausson Torsvik 12 mk. s. til Jon Nilsson Haugsøen som 1779 hadde fenge bygsel på L. Haugsøen. Jon Nilsson er nr. 5 på L. Haugsøen.


Rasmus Arneson I. Hope f. 1754 på b.nr. 1. 1790 g.m. e. Gjertrud Eriksdtr. Torsvik. Dei budde fyrst i Torsvik som bygsle­folk, men flytte so til Haugsøen.
Born:        

a.   Ola f. 1793, g.m. jomfru Amalie Lexander 1813.
b.  Kari f. 1794, g.m. Arne Åmundson Skauge, Lindås 1818. Åmund, født Hope, indre.
c.   Erik f. 1796, d. 1821. Kom burt på sjøen.
1779 fær Ola Hansson Torsvik skøyte både på største og minste bruket på Haugsøen for 34 rdl. hjå arvingane etter Nils Hansson. Ved skifte etter Ola Hansson Torsvik 1790 vart bruket utl. på e. Gjertrud. 1796 fekk Rasmus Arneson skøyte for 24 rdl.


10  Hans Olson Torsvik f. 1789, d. 23/5 1853. 1816 g.m. Kari Kristensdtr. Sandnes f. på Sandnesneset 1796, d. 24/1 1865.
Born:        

a.   Gjertrud f. 1816, g.m. Erik Matiasson Holsøy 1848. Sjå b.nr. 2 der.
b.  Marta f. 1819, g.m. Rasmus Olsen Risnes. Sjå utflytte.
c.   Ola f. 1822. Nr. 11 her på bruket.
d.   Erikka f. 1826. Flytte til Kins prestegjeld 1854.
e.   Kristen f. 1829, g.m. Johanna Ludvigsdtr. Daae, Risnes. Dei flytte til Byrknes, der Kristen kjøpte gardsbruk 1853.
f.    Rasmus f. 1832, d. 8/4 1867. Inderst.
g.   Margreta f. 1835, g.m. Gunnar Larsson Haugsvær frå b.nr. 1. Dei flytte til Førde i Sunnfjord 1860.
h.   Hansina f. 1837, d. 1/7 1842.
1805 skriv Rasmus Arneson frå seg odelsretten og sel bruket til Ola Hansson Torsvik for 48 rdl.


11  Ola Hansson Haugsøen f. 2/8 1822 på Torsvik, d. 1/8 1908. 1852 g.m. e. Orlaug Jakobsdtr. Nordgulen, Gulen, f. 4/4 1825, d. 21/11 1858. 14/12 1861 g.m. Guri Jensdtr. Spangelo frå Lærdal, f. 1835, d. 16/1 1919.
Born:        

a.   Hans f. 1852. Nr. 12 her på bruket
b.  Jens f. 27/6 1862. Sjå utflytte.
c.   Kristian f. 29/8 1864. Maskinmeistar og verftseigar, d. ugift.
d.   Rasmus f. 22/3 1867. Sjå utflytte.
e.   Ola f. 4/10 1869. Sjå utflytte.
f.    Henrik f. 21/12 1871. Sjå utflytte.
g.   Harald f. 21/5 1874. Farmar i U.S.A.
h.   Karen Maria f. 7/2 1877, d. 14/7 1877.
i.    Maria f. 8/10 1880, d. 21/1 1881.
j.    Hilda f. 23/8 1883. Sjå utflytte.
Ola Hansson var seminarist frå Stord og var lærer ei tid, bl. a. på Fedje. Han sa frå seg lærarposten og tok farsgarden. 1851 skøyte frå Hans Olson til sonen Ola for 400 rdl. og kår.


12  Hans Olson Haugsøen, f. 1852 (11a), d. 8/12 1902. Gift 28/4 1881 m. Karen Lovise Kristensdtr. Byrknes f. 1855, d. 17/1 1911. (Sjå nr.10e her på bruket.)
Born:        

a.)   Orlaug f. 11/5 1881, d.
b.)  Helga Kristina f. 10/9 1882, d. 10/2 1948.
c.)   Ola f. 24/1 1884, d. 16/9 1904.
d.)   Herlaug Martin f. 28/10 1885. Nr. 13 her på bruket.
e.)   Jens f. 11/10 1887, d. 24/1 1971. Gift 20/6 1914 m. Ingeborg Kristine Jensdtr. Lægland f. 24/1 1887 i Strandvik.Bustad Tyssedal.
Deira born:
a.    Harald f. 27/4 1916, g. 25/6 1949 m. Lillian Westgård f. 22/2 1923 i Bergen.
b.    Fridtjof f. 6/8 1920, g. 29/6 1946 m. Gunvor Theresia Henriksdtr. Haugsøen f. 11/7 1921 i Laksevåg.

---------------------------------------------
f.)   Lina Andrea f. 8/4 1889, d. 31/5 1947
g.)  Sigurd f. 6/4 1894, d. 17/7 1917
Skøyte 23/11 1888 frå Ola Hansson til sonen Hans for 2888 kr og kår.


13  Herlaug Martin Hansson Haugsøen, f. 28/10 1885, d. 4/9 1960.
Skøyte 7/10 1912 frå skifteretten til Herlaug Haugsøen for 3000 kr.


14  Skøyte 28/10 1958 frå Herlaug Haugsøen til brorsønene Harald og Fridtjof Haugsøen for kr 15000 og kår.
Skøyte 8/8 1994 til Frode og Kristin Haugsøen på b.nr. 1 og 2 etter skifteoppgjer.

 

Utflytte:

Nr. 10 b, Kari Rasmusdtr. Haugsøen, g.m. syskenbarnet sitt, Arne Åmundson Skauge, Lindås. Ho vart stammor til ei stor slekt i Lindås.

 

Nr. 10 g, Marta Hansdtr., g.m. Rasmus Olson Risnes. Dei reiste fyrst til Sunnfjord og sidan til U.S.A. Ein ugift son deira, Henry Risnes, døydde der burte i åri millom 1930/40 og etterlet seg ein etter måten stor formue. Noko testamenterte han til slektningar i Norig.

 

Nr. 10 e, Kristen, garåbrukar og fiskar på Byrknes. Det er dotter hans som er g.m. nr. 12 på Haugsøen.

 

Nr. 11 b, Jens Olson. Reiste til sjøs som maskinmeistar, g.m. Georgine Steen frå Trondheim. 1 son: Jens Hess.

 

Nr. 11 d, Rasmus Olson, g.m. Georgine Kristine Grung f. i Ber­gen 13/7 1869. R. Haugsøen cand. teol., lærar ved Hambro skule i Bergen, prest for jernbanearbeidarane under anlegget av Bergensbana, sokneprest i Solund, stiftskapellan i Bjørgvin bispedøme og ungdomsprest. Sist domprost i Nidaros. Hev sidan han tok avskil budd på Minde i Fana. Døydde 1951.
Born:        

a.)   Reidar f. 8/8 1900, g.m. Åshild Klette, f. i Fauske.
Deira born:
a.    Karin.
b.    Sissi.
Bustad Bergen.

---------------------------------------------
b.)   Gudrun f. 25/6 1902, g.m. agent Birger Larsen, Bergen.
Deira born:
a.    Turi.
b.    Birger.
c.    Bente.

---------------------------------------------
c.)   Trygve f. 21/4 1904, g.m. laborant Katharina Thaler frå Austerisksk Tyrol. Bustad Oslo.
d.)   Olav f. 16/9 1905. V.pl. løytnant i Marinen, lærar ved sjø-mannsskulen i Bergen, g.m. Brit Eide, Bergen.
Deira born:
a.    Astrid.
b.    Knut.
For til England under krigen 1940-45. Vart kaptein og døydde der burte.

---------------------------------------------
e.)   Bjarne f. 8/6 1907. Inspektør i Livsforsikringsselskapet Andvake, g.m. Else Johnsen frå Oslo.
Deira born:
a.    Else.
b.    Maria.
c.    Rita.

---------------------------------------------
f.)    Karen Holch Døscher Grung Haugsøen, g.m. rektor ved tannl.høgskulen i Praha, professor Carl Häupel.
Deira born:
a.    Anne Lise.
b.    Kari.
g.   Liv f. 14/3 1910, d. 1916.

---------------------------------------------
h.)   Kirsti Spangelo Haugsøen f. 22/8 1911, g.m. lærar Matias Skrede.
Deira born:
To søner, ei dotter.

 

Nr. 11 e, Ole Olson Haugsøen, eigar av Bergens Husleie- og Festekontor. g.m. Laura Johannesen frå Bergen.
Deira born:
a.    Erling.
b.    Gunnar.
c.    Håkon.

 

Nr. 11 f, Henrik Olson Haugsøen, reiste til sjøs som maskinmeistar. Har no handel på Laksevåg. g.m. Rasmine Kongsvik frå Bergen, d. 22/1 1971.
Deira born:
a.    Henrik.
b.    Gunvor.

 

Nr. 11 j, Hilda Olsdtr. Haugsøen, g.m. lærar Hans Haugland frå Brekke, lærar i Avaldsnes.
Deira born:
1 son og 5 døtre.

 

Lille Haugsøen er nemnd fyrste gong 1666, og er då Rødningspladz, vert matrikulert 1723, skyld 3 mk. s. Eigarane var frå fyrst av dei same som på hovudbruket. Noko sers skøyte frå proprietær til bonde finn ein ikkje. Det ser mest ut til at Lille Haugsøen hev vore med i handelen då Brita Nilsdtr. kjøpte 1726. Ola Hausson Torsvik fekk skøyte hjå Jon Nilsen på Lille Haugsøen og hjå Ola Nilson på hovudbruket 1779.

 

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen