MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 29.11.10 -

STIEN

Ein plass under Haugsøen.


Anders Andersson Toftegård frå Austrheim, d. 21/3 1869. Fyrste kona heitte Anna Monsdtr., d. 9/3 1861. 4/6 1861 g.m. Lisbet Jensdtr. Lille Nordal, Gulen, f. 1824.
Born:        

a. Anders (Andreas ?) f. 22/1 1838. Faren tente då på Risnes. Anders g.m. Massi Andersdtr. Hjertås frå Austrheim. Bustad: Kidøy under Risnes.
b.  Mons f. 1844, g.m. Gjertrud Larsdtr. L. Sleire. Sjå Gunnarbuøyra under Molland, grd. 19. Mons fekk sonen Anders på Haugsøen, men flytte til Torsvik. Plassmann der. (Sprakane).
c.   Rasmus f. 1851, g.m. Dortea Endredtr. Brugger f. 16/1 1864 på g.nr. 6 b.nr. 2. Han var maskinmeister i Haugesund.
Deira born:
a.    Asbjørn Kristian Brygger f. 29/1 1896. Sjå Torsvik b.nr. 19.
b.    Malvin Martin Daae f. 18/8 1899, d. 1921. Forlis.
c.    Ragna Dorthea f. 10/11 1901, g.m. overlærar Karl Sørensen, Haugesund.
d.    Anton Andersen f. 7/1 1905, g.m. Emma Totland. Bustad, Samnanger. Dei har 3 born.

--------------------------------------------
d.  Anna f. 13/2 1867. Uppali på Solheim, der mori vart att-gift med e.m. Rognald Jonson på b.nr. 2. Anna g.m. Erik Larsson N. Kvinge 25/6 1895, b.nr. 2.


Anders Toftegård fekk festesetel på Stigen hjå Hans Olson 1851. Lille Haugsøen må ha vore det som no vert kalla Træet. Det ligg nordanum heimebøen, skild frå den ved ein haug. Der hev stade ei løa til no nyst, der er framleis ein jordkjellar (potetkjellar) og det finst vister etter husegrunnar. Dette er visstnok feil. Jens Hansson Haugsøen seier at det er plasset ved Strytevågen som var matrikulert som eige bruk, og kalla Lille Haugsøen.

 

 

 

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen