MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 16.05.11 -

G.nr. 4. HAUGSØEN

 

BRUKARAR PÅ "STORE"
HAUGSØEN

BRUKARAR PÅ "LILLE"
HAUGSØEN

STIEN

 

Um namnet sier O. Rygh at det “kanskje” kjem av Hopr, og den tydingi høyrest rimeleg, då mange hopar skjær inn i øyi. Nam-net vert av bygdefolket uttala Hoksøynæ med trong o eller open u som i verbet å hugsa. Sikkert kan ein vel seia at namnet ikkje kjem av haug. Ein haug heiter på bygdemålet ein hog med open o, den same o som vert nytta i trong (trau), og tog (tau), drog, smog og fleire.


Ymse skrivemåtar: 1611 og fleire gonger Hoxøen. Jamnaste finn ein formi Hugsøen, soleis 1620, 1626, 1630 og mange fleire gonger. 1655 Huchsøen, 1664 Huxøen, 1691 Hougsøen, 1701 Hogs-Øen. I matriklane: 1665 Hugsøen. 1718 og sidan Haugsøen.

 

Grensor: Garden er ei noko større øy med nokre mindre øyar inntil. Øyi ligg ut mot Fensfjorden. Næraste gardane er Y. Haugsdal med Hatlevik i nordaust og aust. Ymse sund skil øyi frå øyar som høyrer Risnes og Torsvik til.

 

Eigedomstilhøvi: Garden var 1624 bondegods, men det var tru­leg bønder utanum bygdi som åtte. 1648 Christopher Gøe eier og bøxler. 1664: Bispen (Schieldrup) eier og bøxler. 1686 Tomas Schieldrups arvinger. 1696 sokneprest til Lindås, Johan Matzen. Då han døydde 1718, vart eukja g.m. amtmann Henning Frimann, og han vart eigar. 11/6 1726 skøyte frå kapellan Christian Krog til Brita Nilsdtr. Haugsøen.

 

Gamle matriklar og teljingar

 

Kopskattmanntal 1645: Haugsøen ikkje med.

 

Kvegskattmanntal 1657 Hugsøen. Mogens. 1 Hest, 3 Kiør, 3 Gieder, 2 Faaer.

 

Skattemanntal 1666: Huxøen skylder Smør 1/2 Pd. Niels Siurss: Bruger, 24 Aar g.
Rødnings Pladtze: Huxøen. Halffuer 52 Aar g. Søn Haldor, 12 Aar g.

 

Matrikel etter reskript frå 1665. Hugsøen. Aarlig Landskyld fisk 1/2 Pd. Saar 1 Mele, afler 1 Td. Føder 6 Nøed. Kan tiende 1/2 Mele. Smaaskatte 11 sk. Smaatiend ? sk. 1 huid. Kan skatte af ½ Pd. s. Brendefang til.

 

Manntal 1701: Hogsøen: Hans Olsen 40 Aar g. Sønner: Ole 4 Aar, Erich 3 Aar.

 

Prøvematrikel 1721: Hougsøen: Brite Nielsdtr. Saar 1/2 Td., høster 41/2 Td., føder 7 Nød, 4 Faar. Proprietærgods. Ligger ved Søen, ei meget tungvunden, men særdeles uvis til Korn. Udgifter 2 Rdl. 1 1/2 Mk. 6 7/24 sk. Under nestforrige Gaard Hongsøen er en Rødningsplads, som ei har været matrikuleret, og beboes af Ole Halvorsen, hvis Fader det haver opryddet for 50 Aar siden. Saar 1 Td., høster 2, føder 3 Nød, 6 Faar. Utgifter 2 Mk. 49/10 sk.

 

Matrikeltaksten 1723. Hougsøen: 1 Mand. Lansk. 12 Mk. Fisk. Amptmand Frimann med bøxel tilhørende. Ingen Sætter. Ringe Brændefang. Ingen Huusmand. 1 flomqvern. Ligger ved Søen 6 Mil fra Bergen. Maadelig Kornart. Schels letvunden. Ligger paa en liden Øe. Saar 1 1/2 Td., afler 4 ½ Td. Føder 5 Kiør, 4 Ungnød, 6 Faar. Skyldi som fyrr hadde vore 6 mk. vart sett upp med 9 mk. Lever af Qvegets afling og et Haandsnøre fiske.

 

Lille Hougsøen. Under forrige ryddet. 1 Mand. Nu lagt for Landsk. 3 Mk. S. Amptmand Frimann med bøxel tilhørende. Intet Sætter eller Schoug. Ikke Qvern. 6 Mil fra Bergen paa en Øe. Ringe kornart og maadelig letvunden. Saar 1/8 T., afler 1/4 T. Nu sat for 3 Mk. smør. Allerede nøt (nydt) sin Rødningsret. Lever af Qvegets afling og et Haandsnøre fiske.

 

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen