MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 29.11.10 -

G.nr. 3. HATLEVIK

 

BRUK 1

BRUK 5 OG 6

BRUK 10 - 21

BRUK 2 OG 3

BRUK 7

 
BRUK 4 BRUK 9  

 

Hatlevik, bnr 1 - 5

Hatlevik, bnr. 1, 5

 

Um namnet seier O. Rygh at det kjem av trenamnet hatl m. og vik, f. kopskattmanntalet 1645 kan likevel føra tanken innpå ei onnor tyding. Då stend det: Hetleuig: Jetmund Hattiesen. Kone Lucie. No hev ein aldri høyrt tale um mannsnamnet Hattle, men um Atle. Hev so folk vore burti “Halvemålet”, so kan Atle ha vorte til Hatle, og Atlevik vorte til Hatlevik.


Gamle skrivemåtar: 1624 Hasleuigh. Andre tider hev det vore skreve: Hetleuig, Hatleviig, Hatlevigh og ymse andre former. I matriklane: 1665 Hatlevig. 1718 Hatleviig. 1838 og sidan: Hatlevik.

 

Gamle matriklar og teljingar

Kopskattmanntal 1645: Hetleuig: Jetmund Hattlesen Ko. Lucie.


Kvegskattmanntal 1657: Hatleuig: Jetmund føder 1 Oxe, 3 Kiør, 3 Gieder, 6 Faaer.


Skattemanntal 1666. Hatlevig. Skylder Smør 1 Pd. Opsidder, Jetmund 50 Aar g. Bruger alt.


Matrikel etter reskript frå 1665, ferdig 1666: Hatlevig Gifer Landskyld Smør i Pd. Saar 1 Td. 1 Mele, afler 2½ Td. Føder 6 Nøed. Kand tiende i Mele. Kand schatte af i Pd. Smør. Brende­schoug til.


Manntal 1701: Hatlevig. Mons Olsen 50 Aar. Søn hiemme Iver Monsen 15 Aar.


Prøvematrikel 1721. Hatlevig. Niels Andersen. Saar 1 1/4 Td., høster 9 Tå. Føder 10 Nød, 10 Faar. Proprietærgods, ligger ved Søen, er aarvand, men ei synderlig tungvunden. Brendefang af bierk- og furuskoug, en liden flomqvern til husfornødenhed, ellers ingen herlighed. Udgifter 4 Mk. og 19 sk. (utanum landskyldi).


Matrikeltaksten 1723. Hatlevig. 1 Mand. Landsk. 1 Pd. Smør. Lucas Steen eier bøxel til ald Gaarden og Sr. Frimand halfdelen, men uden bøxel. Intet Huusmandsplads, intet Sætter. Brendeved og furuskoug til Gaard og Grund. I flomqvern. Ligger ved Søen 5½ Mil fra Bergen. Ringe kornart og sehils letvunden. Saar Havre 2 Td., afler 6 Tå. Føder 7 Kiør, 6 Ungnød, 9 Faar. Takst efter gammel Matrikul 1 Pd. S. Forhøiet 12 Mk. Lever af Ovegets afling og lit Brendefang at sælge.


Grensor: I sud og vest til sjøen og Haugsdal og i nord og aust til Rambjørg.


Eigedomstilhøve: 1627-28 åtte Nils og Knut Rambjørg 6 mk. s., 1½ mele malt og Oluff Rambjørg og Johannes Myr 6 mk. s. Til 1668 og kan henda lenger eig bønder, 1686 eig Iffuer Christensen ½ pd. og Peder Busch ½ pd. 1691 og 1696 eig Christensen framleis ½ pd. og Henningsen ½ pd. 1702 Maren Sal. hr. Peder Busch ½ pd. og Johan Frimand ½ pd. 1710 Johan Frimands og hr. Buschs arvinger ein halvdel kvar. 1714 Henrich Frimand 12 mk. og Hans Veivitsen 12 mk. s.1717-18 Sten og Frimand. 1723 eig Lucas Steen byksel til heile garden og Frimand halvparten utan bygsel. 1742 eig Karen Friman Sal. Garmann heile bruket 21/10 1771 fær kaptein Niels Dahl og broren Henning Friman Dahl skøyte frå sorenskrivaren på Hatlevik for 74 rdl. 20/10 1772 er tingl. skøyte, dagsett 18/8 1772, til Hans Olson og “svoger” Ola Sjurson i pd. s. for 84 rdl. 1795 selde Ola Sjurson Hatlevik og Lars Olson Hosteland (bror til avlidne Hans Olson Hatlevik) bruket til Mikkal Olson Keilegavlen, og Ola Sjurson bygla bruket av Mikkel Keilegavlen. Då kona til Mikkel Keilegavlen døydde 1812, vart bruket utl. på e.m. og dotri Olina. Ho vart g.m. ein Søren Sjurson, og han sel att til verfaren for 30 spdl. 1832 er det likevel Søren som bygslar til Jørgen Hansson 12 mk. s.1843 fær Lars Larson Fonnebust Auksjonsskøyte på 1 pd. s. for 192 spdl. Endeleg 7/4 1883 tingt skøyte frå Lars Larsson til Hans Nilsson for 1216 kr.

 

 

Foto: Gjert-Rune Daae

 

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen