MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 26.11.10 -

BRUK 10. SLETTEBAKKEN

Utskilt frå b.nr. 5, 5/11 1913. Skyld 4 ø.


Skøyte frå Baste Bertin Erikson Rambjørg til Martin Andersson og lagd inn under b.nr. 8.
Rambjørgviki og Hamnen.


Hans Monsson Rambjørg, f. 1807 på b.nr. 3 og 4, d. 18/7 1885. 1831 g.m. Brita Knutsdtr. Leikvoll frå Seim, f. 1807, d. 3/11 1877. 20/8 1880 g.m. Marta Gregoriusdtr. Rambjørg f. 23/3 1844, sjå nedanfor.
Born:        

a.   Synneva f. 1832, g.m. Lars Pederson Langedal, Fedje 18/7 1860.
b.  Mons f. 15/8 1834, d. 11/3 1872.
c.   Kari f. 9/6 1840. Det må vera ho som er g.m. Hans Trulsson Knarvik. Hev ikkje funne noko um kva tid dei var gifte.
d.   Knut f. 20/12 1844, d. 2/7 1863.
Hans Monsson åtte b.nr. 3 og 4, men dei bygsla han fyrst burt, og 27/5 1880 er tingl. skøyte frå Hans Monsson på b.nr. 3 til dottermannen Hans Trulsson Knarvik, og på b.nr. 4 til dottermannen Lars Pederson Langedal. Han fekk 400 kr. for kvart bruk. Hans tok undan at han skulde disponera Hamnen og Rambjørgsviki.


Gregorius Larsson Tangedal, f. 1822 på b.nr. 4, d. 14/8 1885. 28/6 1846 g.m. Henrikka Hansdtr. Rambjørg f. 1821 på b.nr. 6, d.5/2 1901.
Born:        

a.   Marta f. 23/3 1844 fyrr foreldri var gifte. Marta g.m. Hans Monsson 20/8 1888. Sjå ovanfor.
b.  Lars f. 6/6 1847.
c.   Kristen f. 7/1 1851, g.m. e. Rakel Vilhelmsdtr., e. etter bror hans, sjå nedanfor. Kristen og Rakel budde i Solheims­neset under g.nr. 44.
d.   Martinus f. 4/8 1853.
e.   Anna f. 20/2 1857, g.m. e.m. Jakob Hansson Hatlevik 2/9 1921.
f.    Ola f. 3/5 1859. Sjå nedanfor.
g.   Hans f. og d. 1862.
h.   Hans f. 13/3 1864.
Gregorius kallast fyrst inderst og seinare plassmann. Han hadde ingen ting å gjera med plasset Hamnen, men hev truleg fenge budd i Rambjørgsviki hjå Hans Monsson, fyrst som inderst og sidan fenge rådd over det plasset. Nokon festesetel er ikkje tinglesen.


Ola Gregoriusson Rambjørgsviki, f. 3/5 1859, d. 2/1 1887. 1/9 1882 g.m. Rakel Vilhelmsdtr. Grindheim frå Manger, f. 1856.
Born:        

a. Vilhelm f. og d. 1882.
b. Gabriel f. 13/4 1884. Til Amerika 1902.

Ola budde som inderst på Rambjørgsviki. Dette bruket er 16/12 1918 lagd til b.nr. 8.

 

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen