MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 26.11.10 -

BRUK 9. HAVNEN

Utskilt frå b.nr. 3 og 4, tingl. 1898.


Sjå Rambjørgsviki og Hamnen. Nr. 1 der, Hans Monsson brukte både Hamnen og Rambjørgsviki, men so bygsla han burt Hamnen. Sjå nedanfor.


Ivar Ivarson Kringlebotten, f. 1825, d. 9/1 1918. 24/3 1856 g.m. Malena Magnesdtr. Nordland f. 14/1 1830 på b.nr. 5, d. 1/2 1905.
4/11 1878 tingl. bygselsetel frå Hans Monsson, då eigar av b.nr. 3 og 4, til Ivar Ivarson Kringlebotten og kona på plasset Havnen og 2 skogeteigar i Kvernhusåsen “samt brugen av en Kvernbek”. Kår frå Ivar til Hans Monsson av plasset.
Ivar Ivarson var son til ein Ivar Ivarson Kringlebotten som var fødd 1801. Um ætti vil ein finna under Tverbjørg, L. Matre og Kringlebotten. Han Ivar kjøpte 1856 saman med Mons Monsson Sandnes eit bruk i garden Løvås i Lavik, men Ivar yverlet snart bruket til Mons og flytte til Masfjorden att. Han budde ei tid på Nordland og dreiv som handverkar. So fekk han feste på Hamnen og dreiv bødkarverksemd attåt plasset.


Hans Larsson Langedal, son til Lars Pedersen, f. 10/12 1865 på Fedje, d. 26/6 1942, g.m. Anna Bergitta Hansdtr. Knarvik frå Lindås f. 1865, d. 31/10 1918.
Born:        

a.)   Ivar Martin f. 12/3 1892. Nr. 3 her på bruket.
b.)  Lars Severin f. 22/6 1894. Han reiste til Amerika. Død der. Han var gift og hadde ein son som heiter Leif.
c.)   Hans Mikal f. 27/6 1897, g.m. Amanda Monsdtr. Knarvik i Lindås. Bur der.
Deira born:
a.    Anna.
b.    Aslang.
c.    Håkon.
d.    Anny.

----------------------------------------------
d.)  Peder Andreas f. 11/8 1900. Har bygt hus på leigd grunn på b.nr. 9.
e.)   Karen Bertina f. 1903. g.m. Nils Eikemo frå Hosanger.
Deira born:
a.    Olaf.
b.    Hans, død.
c.    Sygni.
d.    Anbjørg.

----------------------------------------------
f.)   Synneva Kamilla f. 19/9 1907.
g.)   Harald Bjarne f. 4/1 1913.12/4 1949, g.m. Klara Larsdtr. Bungum frå Vik i Sogn, f. 6/2 1923. Dei bur i Dalsgrend i Lindås.
Deira born:
a.    Ingebjørg Anna f. 7/1 1950.
b.    Hans f. 4/9 1952.
c.    Haldis Karin f. 8/8 1954.
d.    Leif f. 4/12 1958.
e.    Marit f. 22/12 1960.
f.    Sigrun f. 21/2 1962.
29/10 1889 skøyte frå Hans Trulsson og Lars Pederson til sonen av den siste, Hans Larsson, for 800 kr og 26/10 1891 tingl. kårebrev frå Hans Larsson Langedal til Ivar Ivarson og Malena Magnesdtr.


Ivar Martin Hansson Havnen(Rambjørg) f. 12/3 1892, d. 15/1 1966. 23/10 1920 g.m. Hansine Eriksdtr. Rambjørg f. 3/7 1894 på b.nr. 5, d. 1/7 1964.
Born:        

a.)   Anna Hansine f. 22/7 1923, g.m. John Ragnvaldson Fanebust. Dei bur der.
Deira born:
a.    Ingvar f. 27/6 1951.
b.    Reidar f. 3/5 1954.
c.    Marit Helen f. 20/7 1956.
d.    Else Beth f. 18/12 1957.
e.    Astrid f. 9/5 1959.
f.    Unni f. 2/4 1964.

------------------------------------------------
b.)  Kristine f. 12/5 1926, g.m. Sjur Andreasson Vågset.
16/3 1942 grbf. skøyte frå Hans Larsson Rambjørg til sonen Ivar for 3 000 kr. Dette omfatar også beiterett i Dyrebotsfjellet under g.nr. 11 b.nr. 4 Birkeland.


Sjur Andreasson Vågset, f. 27/10 1920 på Vågset b.nr. 1(4i). Gift 18/3 1951 m. Kristine Havnen f. 12/5 1926 her på bruket (3b).
Skøyte 31/12 1964 til Kristine og Sjur Vågset for 6000 kr og kår.


Peder Andreas Havnen, f. 11/8 1900 (2d), d. 22/5 1980. Han hadde bygd seg hus på dette bruket sin grunn.

 

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen