MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 26.11.10 -

BRUK 8

Utskilt frå b.nr. 7, 1854.


Nils Hansson Rambjørg, f. kr. 1826 på b.nr. 7, d. 31/12 1885. 19/10 1848 g.m. Ragnhild Jetmundsdtr. Rambjørg f. 1811 på b.nr. 7, d. ?
Born:        

a.   Hans f. 21/1 1851, g.m. Marta Klausdtr. Frøyset. Bustad Hatlevik.
b.  Guri f. 17/8 1853, d. 30/6 1866.
7/8 1848 tingl. bygselbrev frå Anders Øysteinson Rambjørg til Nils Hansson og kona på halvparten av Anders Øysteinsons bruk.


Ola Andersson Rambjørg, f. 21/3 1839 på b.nr. 7, d. 18/2 1940. g.m. Marta Monsdtr. Nerås frå Myking f. 1837, d. 5/10 1894.
Born:        

a.   Andreas f. 1869, g.m. Ingeborg Andrea Larsdtr. Åsheim frå Haus 21/11 1893.
b.  Johanna Margreta f. 1874. Sjå under nr. 3 her på bruket.
c.   Martina Jørgina f. 19/8 1877, g.m. Jon Jakobson Y. Haugsdal, b.nr. 5.
d.   Gjert f. 15/5 1882. Reiste til sjøs.
e.   Malena, g.m. Oluf Stensvåg. Reiste til Amerika.
21/11 1867 tingl. skøyte frå Anders Øysteinson til sonen for 150 spdl. og kår til Nils Hansson og Ragnhild Jetmundsdtr. mot å gjeva upp bygsli.


Peder Martin Andersson Solheim, f. 21/2 1872 på Solheimøy d. 31/8 1945. 26/4 1904 g.m. Johanna Margreta Rambjørg f. 1874, d. 28/2 1916. 6/1 1917 g.m. Karolina Larsdtr. Høyvik frå Gulen f. 1894, d. 13/4 1925.20/11 1927 g.m. Jørgina Jakobsdtr. Lihaug frå Gulen f. 1881, dotter til plassmann Jakob Larsson.
Born:        

a.)   Ola Malvin f. 15/9 1905, d. 29/11 1928.
b.)  Arne Ragnvald f. 5/10 1907. Sjå b.nr. 7.
c.)   Laurits f. 18/11 1909.
d.)   Ludvig f. 17/1 1913, d. 25/1 1913.
e.)   Johannes Martin f. 21/2 1916, g.m. Ingeborg Hansen frå Bergen. Bur i Bergen.
Deira born:
a.    Inger.
b.    Jon.
c.    Turid.

------------------------------------------------
f.)   Johanna Margreta f. 17/10 1918. 11/9 1948 g.m. Hjalmar Johannesson Kringlen f. 13/5 1915. Dei bur på Kringlen.
g.)   Leif Bertin f. 12/5 1920, d. 14/2 1965.
h.)   Arthur Kastberg f. 4/6 1928. Han har bygt hus på b.nr. 7.
27/5 1905 skøyte frå Ola Andersson Rambjørg til dottermannen Martin Anderson Solheim for 1 400 kr. og kår.


Ola Malvin Martinson Rambjørg, f. 15/9 1905, d. 29/11 1928. Han har visstnok havt skøyte på bruket utan at det er funne noko om det.


Arne Ragnvald Martinson Rambjørg, f. 5/10 1907. Sjå og b.nr. 7.

15/8 1946 grbf. skøyte frå ervingane etter Ola Malvin Martinson til broren Arne Ragnvald for 2 000 kr. og kår til stykmora Jørgine Jakobsdtr.

 

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen