MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 26.11.10 -

BRUK 7 (og 8)

Utskilt frå b.nr. 5 og 6, 1740.


Hans Sjurson. Fødestad ukjend, d. 1780. g.m. Ragnhild Ellingsdtr.. Fødestad ukjend, d. 1753. 1755 g.m. Brita Monsdtr. Y. Haugsdal frå b.nr. 6, d. 1782.
Born:        

a.   Kari f. 1741, g.m. Hans Trulsson Knarvik (Gulen?) 1764.
b.  Mons f. 1743, d. 1746.
c.   Gjertrud f. 1747. Sjå under nr. 2 her på bruket.
d.   Elling f. 1750, d. 1779.
e.   Ragnhild f. 1752, d. 1758.
f.    Brita f. 1753.
Ved skifte etter Rasmus Nilsson på b.nr. 5 og 6 året 1737 vart noko av bruket utl. på e. Kari Josefsdtr., og ved skifte etter Kari Josefsdtr. 1740 vart den parten ledig og 24/4 1741 er tingl. skøyte frå Henrik Olson og Ivar Josefson på 1 pd. 9 mk. s. i Rambjørg til Hans Sjurson. Ivar Josefson, Frøyset er bror til Kari. Kven Hen­rik Olson er, veit ein ikkje.
Ved skifte etter Ragnhild Ellingsdtr. tingl. 10/10 1754 er bruket utl. e.m. Hans Sjurson og sonen Elling for 24 rdl. Storleiken på bruket er då uppgjeven til 1 pd. 12½ mk. s.


Ola Hansson Bakke, St. Sleire, f. 1746 på b.nr. 5, d. 1828. 1779 g.m. Gjertrud Hansdtr. Rambjørg f. 1747.
Born:        

a. Guri f. 1781. Sjå under nr. 3 her på bruket
b.  Ragnhild f. 1782, g.m. Hans Sjurson Rambjørg, b.nr. 1
c.   Anna f. 1785.
d.   Brita f. 1790.
1779 skøyte frå Hans Sjurson til Ola Hausson Bakke, St. Sleire, 1 pd. 12½ mk. s. for 24 rdl.


Jetmund Olson St. Sleire, f. 1775 på b.nr. 7, d. 19/1 1856. 1804 g.m. Guri Olsdtr. Rambjørg f. 1781, d. 31/5 1848.
Born:        

a. Lisbet f. 1808. Sjå under nr. 4 her på bruket
b.  Ragnhild f. 1811, g.m. u. k. Nils Hansson Rambjørg 19/10 1848. Nils Hansson sjå b.nr. 6.
1804 tingl. skøyte frå Ola Hansson til u. k. Jetmund Olson Sleire 1 pd. 12 mk. s. for 60 rdl. og kår til Ola Hansson og Gjertrud Hansdtr. 2 t. korn, 2 kyr, 2 smale (ikkje nemnd potetor).


Anders Øystenson Frøyset, d. 1885. Han er son til ein plassmann på Frøyset og f. fyrr faren kom til Masfjorden 1836 g.m. Lisbet Jetmundsdtr. Rambjørg f. 1808, d. 23/3 1883.
Born:        

a. Jetmund f. 1836. Nr. 5 her på bruket.
b.  Ola f. 21/3 1839. Sjå b.nr. 8.
c.   Orlaug f. 26/3 1841, g.m. Ivar Kristofferson Tangedal 19/10 1871. Bustad: Stallen under Tangedal.
d.   Øystein f. og d. 1843.
e.   Gjertrud f. og d. 1844.
f.    Gurina f. 7/7 1847.
g.   Olina f. 20/7 1850.
1836 skøyte frå Jetmund Olson til Anders Øysteinson Frøyset, “mindreårig og under kuratel” 1 bp. 12 mk. s. for 150 spdl. kårebrev frå Anders Øysteinson til Jetmund Olson og Guri Olsdtr. 2 ½ t. korn, 2 t. potetor, 2 kyr, 4 smale og 3 geit.


Jetmund Andersson Rambjørg, f. 1836, d. 20/12 1884. 24/3 1866 g.m. Marta Trulsdtr. Knarvik f. 1840, d. 20/4 1905.
Born:        

a. Anders f. 9/5 1866. Nr. 6 her på bruket.
b.  Truls f. 18/11 1867, d. 11/3 1886.
c.   Anna Bertina f. 9/6 1870, d. 11/11 1881.
d.   Henrikka f. 3/2 1873.
e.   Lovisa f. 4/1 1876.
f.    Gurina f. 29/11 1878. Til Amerika 1903.
g.   Anna Bergitta f. 15/9 1881.
h.   Jørgina Mathilda f. 4/11 1884.
3/11 1854 tingl. “Del. og skyldsetn. hvorved d. b. er utsk. fra b.nr. 8”. 22/6 1866 tingl. skøyte frå Anders Øysteinson til sonen Jetmund for 285 spdl.


Anders Jetmundson Rambjørg, f. 9/5 1866, d. 14/3 1939. 24/10 1890 g.m. Marta Ivarsdtr. Hopland frå Austrheim f. 1860.
Born: Trina Malena f. 18/1 1891, g.m. Nils Olaison Høyvik, son til Olai Jonson Høyvik. Gifte 16/5 1913. Dei fekk sonen Anton Oskar 26/12 1913. Då heiter mannen Nils Olaison Glenjen. Han er nok bonde på Glenjen i Gulen. Mor hans døydde der.
23/10 1893 skøyte frå e. Marta Trulsdtr. til sonen Anders for 1 200 kr. og kår (300 kr.).


Peder Nilsson Eide.
20/10 1919 skøyte frå Anders Jetmundson til Peder Nilsson Eide for 4700 kr. og kår (1 000kr.).


Ananias Hansson Østrheim. g.m. Ingeborg Ivarsdtr.

Born: Magnus f. 20/11 1922.
7/1 1920 tingl. skøyte frå Peder Nilsson Eide til Ananias Hansson Østrheim for 5 000 kr. og kår til nr. 6.


Hans Olson Molland. Sjå Fausdal.
Skøyte frå Ananias Hansson Østrheim til Hans Olson Molland for 2 500 kr. og kåret til Anders Jetmundson.


10  Kristen Olson Rambjørg. Sjå b.nr. 3.
1926 skøyte frå Hans Olson Molland til Kristen Olson Rambjørg for 3 300 kr. og kåret til nr. 6.


11  Arne Martinson Rambjørg, son til Peder Martin Andersson på b.nr. 8. 27/2 1933 tingl. skøyte frå Kristen Olson til Arne Martinson Rambjørg for 2 500 og kår til nr. 6.


12  Mikal M. Knarvik, f. 6/9 1872, d. 12/2 1950, g.m. Marta Olsdtr. Rambjørg f. 6/5 1874, d. 5/4 1962, frå b.nr. 2.
2/10 1937 grbf. skøyte frå Arne Martinson Rambjørg til Mikal M. Knarvik.


13  Arne Ragnvald Martinson Rambjørg, f. 15/10 1907 på b.nr. 8 (3b). Skøyte 4/8 1947 frå Mikal Knarvik og kona til Arne Rambjørg for 2500 kr.


14  Arthur Kastberg Martinson Rambjørg, f.4/6 1923 på b.nr. 8 (3h).

 

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen