MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 26.11.10 -

BRUK 6

Særs bruk frå 9/5 1759.


Ola Danielson Rambjørg, f. 1729 på b.nr. 1 og 2, d. 1783. 1759 g.m. Guri Johannesdtr. Rambjørg f. 1738 på b.nr. 5 og 6, d. 1786.
Born:        

a.   Guri f. 1760. Sjå nr. 2 her på bruket.
b.  Johannes f. 1762, g.m. Ragnhild Eriksdtr. Andvik. Bustad Andvik b.nr. 1.
c.   Lisbet f. 1763, g.m. Elling Albrigtson Hope, Lindås 1795.
d.   Anna f. 1767, g.m. e.m. Hans Rasmusson Hosteland, b.nr. 7.
f.    Daniel f. 1772, g.m. Siri Eriksdtr. Mjanger f. 1776 på b.nr. 2. Bustad Mollandseidet under g.nr. 19. (Ein Daniel f. og d. 1771.)
g.   Marta f. 1775, g.m. e.m. Jørgen Sjurson Areklett.
h.   Ragnhild f. 1779, g.m. Hans Sjurson Rambjør, b.nr. 1 og 2.
9/5 1759 skøyte frå Johannes Åmundson Rambjørg (på b.nr. 3 og 4) og sønene Knut Høyvik og Nils Molland til Ola Danielson 1 pd. 8 ½ mk. s. i Rambjørg for 24 rdl. 2 mk. 4 sk.


Mons Larsson Sandnes, f. 1759 på b.nr. 1, d. 1810. 1785 g.m. Guri Olsdtr. Rambjørg f. 1760, d. 1789. Skifte då. 1790 g.m. Synneva Olsdtr. Hatlevik f. 1771.
Born:        

a.   Kari f. 1785, g.m. Rasmus Olson Andvik, b.nr. 7.
b.  Guri f. og d. 1791.
c.   Lars f. 1792, d. fyrr skifte etter faren 1810.
d.   Anna f. 1794.
e.   Marita f. 1796, d. fyrr skifte etter faren.
f.    Guri f. 1799, d. 1811.
g.   Marita f. 1802.
h.   Kari f. 1805.
i.    Lars f. 1807, g.m. Ingeborg Jonsdtr. Mjømen, Gulen, 1831.
j.    Sjur f. 1809, d. 1815.
24/5 1785 skøyte frå e. etter Ola Danielson, Guri Johannesdtr. til Mons Larsson 1 pd. 8 ½ mk. s. for 42 rdl. 14 sk. “iberegnet hans egen anpart”. 1787 tingl. skøyte frå Johannes Olson (Andvik) til systri Guri og mannen Mons Larsson på løysingsretten for 14 rdl. Ved skifte etter Guri Oldstr. 1789 vart bruket sett til 50 rdl. utl. på Johannes Olson Andvik og 8 andre som skulde ha pengar til gode hjå Mons Larsson, og 1794 tingl. skøyte frå alle desse til Jakob Pederson Ågotnes “av Sotra ½, l. s. for 120 rdl.”.
1794 bygselbrev frå Jakob Pederson Ågotnes til Mons Larsson Rambjørg “1/2 L. s. som han før har brugt”. 1810 skøyte frå Jakob Pederson Ågotnes til “skipper Peder Olsen Erland ½ L. S. for 700 Rdl.”.
NB. 1813 skøyter P. O. Erland både dette bruket og det han fyrr åtte i Rambjørg (b.nr. 5) til Halstein Larsson Oppedal frå Kinsarvik for 2 800 rdl.


Halstein Larsson hev so dette bruket sjølv frå 1810 til 1820 saman med b.nr. 5. Sjå brukar nr. 6 på b.nr. 5.


Hans Nilsson Frøyset, f. 1784, d. 9/6 1857. 1817 g.m. Kari Johannesdtr. St. Sleire f. 1792 på b.nr. 12.
Born:        

a.   Henrikka f. 1821, g.m. Gregorius Larsson Tangedal 28/6 1846. Bustad Rambjørgsviki.
b.  Ragnhild f. 1825, g.m. gardbr. Fredrik Arnoldusson Holm­ås, Lindås, 1866.
c.   Nils f. 1826, g.m. Ragnhild Jetmundsdtr. Rambjørg frå b.nr. 7, 1848.
d.   Sygni f. 1828, g.m. Ola Jørgenson Kalhovda frå b.nr. 2, 1859. Bustad Bergen.
e.   Johannes f. 1832. Flytte til Bergen 1858.1871 g.m. Ingeborg Rasmusdtr. Botnen frå Brekke.
f.    Lars f. 1834, g.m. Johanna Steffensdtr. Elvik. Bustad Lyng­haugen, S. Hope.
g.   Marta f. 1837, d. 1838.
1820 bygselbrev frå Halstein Larsson til Hans Nilsson Frøyset ½ l.s. og kår frå Hans Nilsson til Halstein Larsson, kona og borni.


Ola Larsson Tangedal, f. 1806 på b.nr. 4, d. 23/5 1859. 1841 g.m. Kari Hansdtr. Hosteland f. 1812 på b.nr. 3.
Born:        

a.   Anders f. 12/11 1843. Nr. 7 her på bruket.
b.  Marta f. 15/4 1847, g. i Gjelsvik i Lindås med Anders Sjurson. Deira dotter Tilla Josefina f. 20/3 1887, g.m. Ola Kristoffersen s. Kvinge.
1833 skøyte frå Halstein Larsson til dottermannen Ola Hol­gerson Oppedal ½ l. s. for 200 spdl. og kår til Hans Nilsson og Kari Johannesdtr., 2 kyr, 4 smale, 2 t. potetor, 2½ t. korn “Dog leveres kun 2 t. korn saalegen Hans er frisk og rørig”.


Ola Andersson Gjelsvik frå Myking, d. 12/3 1916. 15/11 1860 g.m. e. Kari Andersdtr. Rambjørg, d. ½ 1892.
25/4 1861 tingl. skifte etter Ola Larsson. Bruket utl. på e. Kari Andersdtr. for 340 spdl.


Anders Olson Rambjørg, f. 12/11 1843, d. 20/7 1918. 20/6 1883 g.m. Brita Rasmusdtr. Fosse f. på plasset Stordalen 30/10 1856, d. 30/1 1932.
Born:        

a.   Karen f. 22/4 1884, g.m. Ola Bertin Olson St. Sleire, b.nr. 10.
b.  Ola Kristoffer f. 5/2 1899. Nr. 8 her på bruket.
6/11 1883 tingl. skøyte frå Ola Andersson til stykson Anders Olson for 1 600 kr. og kår (620 kr.).


Ola Kristoffer Andersson Rambjørg, f. 5/2 1899 (7b), d. 18/2 1940. Gift 23/4 1920 m. Josefina Olina Trulsdtr. Merkesdal f. 1880 i Gulen, d. 5/4 1967. Ola gifte seg att 21/6 1929 m. Andrea Eriksdtr. Sæternes f. 6/6 1900, d. 9/5 1927. Far hennar var Erik Arneson Indre Hope.
Born:        

a.)   Agnes Bergitta f. 24/5 1930, g.m. Kjell Glende f. 19/3
1931 i Spydeberg, d. 19/4 1987. Bustad Spydeberg.
Deira born:
a.Vidar f. 16/5 1966
b.Anita Helen f. 22/10 1968

------------------------------------------------
b.)  Erik Leif f. 15/7 1932. Nr.9 på bruket.
c.)   Alvhild Oline f. 29/4 1937. Bur i Fana.
Skøyte 17/1 1920 frå Brita Rasmusdtr. til sonen Ola Kristoffer for 2500 kr og kår.


Erik Leif Olson Rambjørg, f. 15/7 1932 (8b), g. 15/6 1957 m. Eldbjørg Fosse f. 25/12 1935 i Eivindvik.
Born:        

a.   Ester Aud f. 17/2 1958, g. 1976 m. Rune Frode Bø. Bur i Duesund , festenr.3 under b.nr. 4.
b.  Ove Atle f. 24/3 1960, g. 29/6 1985 m. Norunn Einestrand.
Bur her på b.nr. 26.
c.   Åge f. 20/10 1962
d.   Kjell Arvid f. 9/3 1964, g. 25/6 1994 m. Marianne Hartvigsen. Bur i Stavanger.
Skøyte 4/11 1959 til Erik Leif Rambjørg for 5000 kr og kår.

 

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen