MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 18.04.16 -

BRUK 5 (og 6)

 

Nils Rasmusson L. Sleire, d. 1737. Truleg frå b.nr. 2. g.m. Kari Josefsdtr. Frøyset, d. 1740.
Born:        

a. Mons f. 1715.
b. Anna f. 1729.
c. Josef f. 1734.
Dagsett 9/4 1729 og tingl. 28/7 s.å. Skøyte frå Hans Peter Veivitsen og Ester Busch til Nils Rasmusson L. Sleire 1 L. 1 mk. s. “udi Rambierg for 84 Rdl.”.
1737 skifte etter Nils Rasmusson. Arvingar: Josef Nilsson og Anna Nilsdtr. Formyndar Ivar Josefson. 1740 skifte etter Kari Josefsdtr. Arvingar: Josef Nilsson 6 år og Anna Nilsdtr. 11 år. Formyndar Ivar Josefson Frøyset.


Ola Olson, fødestad ukjend, d. 1751, - 80 år gamal g.m. Brita Tomasdtr. Rognøy f. 1707, d. 1782.
Born:        

a. Ola f. fyrr foreldri kom til Rambjørg.
b. Knut f. 1742, d. 1757.
c. Tomas f. 1745, d. 1746.
1740 skøyte frå Jakob Keilen og Ola Rasmusson L. Sleire til Ola Olson ½ 1. ½ mk. s. Det er halve bruket.
1751 skifte etter Ola Olson. ½ 1. ½ mk. s. for 26 rdl. utl. på kreditorar Hans Rognøy og Jakob Keilen og på e. Brita Tomasdtr. og sønene Ola Olson og Knut Olson.


Ola Nilson, fødestad ukjend, d. 1764, - 32 år gamal 1752 g.m. Sigrid Nilsdtr. Hatlevik. Ved giftarmålet er Ole kalla Rambjørg.
Born: Nils f. 1753, g.m. Anna Olsdtr. Lauvvik 1781. Ein Nils Olson Rambjørg døyr 1825. Legdslem.
1753 tingl. skøyte frå Brita Tomasdtr., Hans Rognøy og Åmund Totland (gm. Marta Tomasdtr. Rognøy) til Ola Nilsson ½ 1 ½ mk. s. for 29 rdl.


Mons Hansson Y. Haugsdal frå b.nr. 6, d. 1802, 65 år gl 1764 g.m. e. Sigrid Nilsdtr. Rambjørg, d. 1796. 1796 g.m. Barbra Pedersdtr. Andvik f. 1746 på b.nr. 5, d. 1799. 1799 g.m. e. Brita Pedersdtr. N. Kvinge.
Mons Hansson hev truleg budd på Rambjørgsviki på sine gamle dagar, for 1803 er Knut Endreson Risnesfjorden “trolovet med Enken Brita Pedersdtr. Ravnebiergvigen”. Ein Knut Endreson fær festesetel på Dragøy under Torsvik 1805.
Born: Ola f. 1767, g.m. Marta Olsdtr. Øksnes, Austrheim 1799.
17/10 1864 tingl. bygselbrev frå Hans Olson Hatlevik til Mons Hansson på 18 ¼ mk. s. i Rambjørg. Disse 18 ¼ mk. må vera det som vart utl. på Nils Olson ved skifte etter faren Ola Nilsson. Resten av bruket vert Mons Hansson eigar av ved giftarmål med e. Sigrid Nilsdtr.
1779 skøyte frå Mons Hansson til lensmann Lars Larsson Fjellsende 1 pd. 12 ½ mk. s. for 28 rdl. 1783 skøyte frå Lars Larsson Fjellsende til Dankert Heiberg i pd. 12 ½ mk. s. “som Mons Hansen før har brukt”.


Mons Jørgenson Sandnes, f. 1753 på b.nr. 2. 1783 g.m. Dordi (Dorte) Hansdtr. Nordland f. 1757 på b.nr. 3 (og 4). Barnlaust ekteskap.
1785 bygselsetel frå Dankert Heiberg til Mons Jørgenson på 1 pd. 12(1/2?) mk. s.1796 tingl. skifte etter Dankert Heiberg. 1 pd. 12 ½ mk. s. utl. på dotri Henriche Finde Heiberg. 1811 auksjonsskøyte “på den til Henriche Finde Heiberg udlagte parcel 1 pd. 12 ½ mk. s. til Skipper Peder Olsen Erland for 645 rdl.


Halstein Larsson Oppedal frå Kinsarvik. g.m. Ragnhild Tormodsdtr..
Born:        

a. Tormod f. og d. 1817.
b. Madli f. 1818.
NB. 1794 skøyte frå Johannes Olson Andvik m.fl. til Jakob P. Ågotnes (Fjell) ½ 1. s. for 120 rdl. (Sjå um dette under b.nr. 6 her på Rambjørg.)
1810 skøyte frå Jakob Ågotnes til Peder Olsson Erland ½ l. s. for 700 drl.
1813 skøyter Peder Erland båe desse jordpartane til Halstein Larsson 0ppedal.
1814 gjev Mons Jørgenson avkald på bygsli og fær kår hjå Halstein Larsson 2 t. korn, 2 t. potetor, 2 kyr og 6 smale, og Halstein hev so drive dette bruket til 1821.


Lars Halvardson Haugland frå Brekke f. 1785, d. 17/2 1866, 81 år g. g.m. Eli Torsdtr. Haugland, Brekke, f. 1789, d. 8/4 1866, 78 år g.
Born: Siri f. 1821 fyrr dei kom til Rambjørg. Sjå under nr. 8 her på bruket.
1821 bygsel frå Halstein Larsson til Lars Halvardson Haugland 12 ½ mk. s. og kår frå Lars Halvardson til Halstein Larsson, kona og born 3 t. korn, og 3 t. potetor.
1838 skøyte frå Halstein Larsson til Lars Halvardson 1 bp. 12 ½ mk. s. for 200 spdl.


Baste Erikson Tangedal, f. 1815 på b.nr. 1, d. 20/11 1902. 24/6 1843 g.m. Siri Larsdtr. Rambjørg (22 år gamal), d. 29/10 1843. 24/6 1844 g.m. Brita Guttormsdtr. Hosteland f. 1822 på b.nr. 2, d.22/5 1903.
Born:        

a.   Siri f. 1/12 1845, g.m. Hans Andreas Kahrs, Kremmerholmen, Fedje 11/6 1876.
b. Ingeborg f. 10/10 1847. Sjå utflytte.
c. Erik f. 7/8 1850. Nr. 9 her på bruket.
d. Eli f. 25/5 1853, g.m. Kristoffer Henrikson L. Sleire. Bustad Lid, Gulen. Sjå utflytte.
e. Anna f. 2/7 1856. Sjå utflytte.
f. Gurina f. 7/12 1861. Sjå utflytte.
g. Erikka f. 4/5 1865. Sjå utflytte.
1843 skøyte frå Lars Halvardson til dottermannen Baste Erikson, 1 bp. 12½ mk. s. for 105 spdl. og kår til Lars og kona Eli, 2 kyr, 2 smale, 2 geit, 2 t. potetor og 3 t. korn.
1846 tingl. delebrev etter Siri Larsdtr. Bruket utl. på e.m. Baste Erikson for 300 spdl.


Erik Basteson Rambjørg, f. 7/8 1850, d. 20/8 1922. 24/6 1879 g.m. Brita Bendiksdtr. Sætenes frå Gulen, dotter til Bendik Olson.
Born:        

a. Brita f. 4/4 1880, g.m. Kristen Kristenson Rambjørg, b.nr. 1.
b. Erik f. og d. 1882.
c. Baste Bertin f. 19/11 1882. Nr. 10 her på bruket.
d. Ingeborg f. 20/1 1885. Sjå utflytte.
e. Kristina f. 1/5 1888. Sjå utflytte.
f. Bergitta Sofia f. 3/8 1891. Sjå utflytte.
g. Hansina f. 3/7 1894, g.m. Ivar Martin Hansson Rambjørg, b.nr. 9.
h. Edvard Benjamin f. 18/6 1899, d. ug.
29/5 1880 tingl. skøyte frå Baste Erikson til sonen Erik for 1600 kr. og kår (800 kr.).


10  Baste Bertin Erikson Rambjørg, f. 19/11 1882, d. 3/8 1965. 29/5 1908 g.m. Tilla Henrikke Eriksdtr. Ynnesdal f. 1886, d. 2/12 1932. Ho er dotter til Erik Halvardson frå Molland, b.nr. 7.
Born:        

a. Borghild f. 1912, d. 1912.
b. Einar f. 6/7 1913. Nr. 11 her på bruket.
c. Erling f. 22/10 1914, g.m. Borghild Nilsdtr. Høyvik i Gulen. Dei budde på Grimen i Fana. Begge døde i 1955.
Deira born:
Else.
d. Borghild f. 13/2 1917. 25/6 1949 g.m. Harald Høyvik i Gulen. Bur der.
Deira born:
Bjørg Turid f. 17/4 1950.
e. Bergljot f. 5/1 1922. Ugift, d. 1966.
10/6 1911 skøyte frå Erik Basteson til sonen Baste Bertin for
2 400 kr. og kår.

 

11 Einar Bertinson Rambjørg, f. 6/7 1913 (10b), g. 16/6 1939 m. Antolette Sigurdsdtr., f. 21/6 1915 i Høyvik i Gulen.
Born:        

a. Tilla Bergitte f. 25/8 1940, d. 23/12 1947
b. Bjarne Leif f.5/5 1942. Nr.12 her.
c. Gunnar Noralf f. 26/6 1946, g. 8/10 1966 m. Edith Skår, f. 9/5 1948 . Bur i Ytre Haugsdal, b.nr. 35.
d. Astrid Else, f.6/6 1950, g. 5/7 1969 m. Arne Molland.
Bur i Ytre Haugsdal b.nr. 31.
e. Torunn Borgny f. 21/8 1951. Bur i Bergen.
f. Magne Konrad f. 14/9 1958, g. 20/8 1983 m. Linda Breidvik f.
11/5 1962 i Gulen. Bur i bustadfeltet Hovden i Gulen.
Deira born:
a. Even f. 24/12 1983
b. Kim f. 29/10 1987
c. Mads f. 29/7 1992
Skøyte 30/1 1945 til Einar Rambjørg og kona for 4000 kr og kår.


12  Bjarne Leif Rambjørg, f. 5/5 1942 (11b), g. 15/8 1970 m. Inger Borge, f. 4/2 1948 i Tørvikbygd, Hardanger.
Born:        

a. Laila, f. 16/12 1970
b. Øystein f. 12/5 1972
c. Anita Elisabeth f. 13/12 1973
d. Berit Irene f. 13/12 1973
e. Ynsker å vere anonym etter eige ynskje  
Skøyte 19/2 1975 til Bjarne Rambjørg og kona for kr 30000 og kår.

 

Utflytte frå b.nr. 5.

Nr. 8 b, Ingeborg f. 1847, g.m. Lars Bendikson Fivelsdal, Gulen.
Born: Baste, Birgitta og Ida.
Nr. 8 d, Eli f. 1853, g.m. Kristoffer Henrikson Litle Sleire. Bonde på Lid i Gulen.
Born: Henrik, Karl, Bertin, Brita, Randina og Ludvig.
Nr. 8 e, Anna f. 1856, gm.bonde Martinus Sævrøy, Austrheim.
Born: Martin, Birger, Henrik, Tilla og Gina.
Nr. 8 f, Gurina f. 1861, g.m. Otto Lid, bonde på Lid i Gulen.
Nr. 8 g, Erika f. 1865, g.m. Ivar Gjertson Ynnesdal, bonde Ynnesdal i Brekke.
Born: Gjert, Berge, Elisabet, Bergitte og Ingeborg.
Nr. 9 d, Ingeborg f. 1885, g.m. Ludvig Berntson Matre i Høyvik, Gulen.
Born: Olav og Betsy.
Nr. 9 e, Kristina f. 1888, g.m. Peder Nilsson Sulen, Fedje.
Born: Ludvig.
Nr. 9 f, Bergitta Sofia f. 1891, g.m. Ludvig Larsson Tangedal frå Straumsvik, Torsvik. Bur i Bergen.
Born: Lars.

Nr. 10 c, Erling f. 1914, g.m. Borghild Nilsdtr. Høyvik frå Gulen. Dei bur på Grimen i Fana.

 

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen