MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 26.11.10 -

BRUK 7. AUSTGARDEN - Utskilt frå b.nr. 1, 12/9 1908. Skyld 52 Øre


Mons Olson Tybornes(Tviborgnes), Lindås, f. 1831. 3/7 1863 g.m. Botilla Eriksdtr. I. Haugsdal frå b.nr. 5, f. 1826, d. 3/8 1918.
Born:

Ola f. 12/11 1862, g.m. E. Botilla Johannesdtr. Matersøy 22/4 1889. Bustad Matersøy.
1860 festesetel frå Ivar Peterson Haugsdal til Mons Olsen på “Enehøen”.


Ola Jonson Torsvik(åsen) f. 23/9 1858, d. 1943.21/6 1886 g.m. Engelina Eriksdtr. Sandnes frå b.nr. 1 f. 1862, d. 16/10 1904.
Born:

a.  Berge f. 24/3 1887, 1915 g.m. Marie Dahle (Sunnmøre). Busett Ålesund.
b.  Erik f. 13/8 1888, 1915 g.m. Alvilde Iversen (frå Sigerfjord). Busett Bergen.
c.  Erikka f. 19/11 1891, g.m. Fredrik Langøen, Austrheim. Busett ved Solesjøen.
d.  Johanna f. 5/1 1893, g.m. Johan Andreas Andreasson N. Kvinge f. 9/12 1893, b.nr. 8. Fabrikkarbeidar. Busett Odda.
e.  Mons Bertin f. 4/4 1895. Matros. Gift. Bur i Stavanger.
f.   Jon f. 13/6 1897. Måler. Bur i Sandnes.
g.  Ingeborg Malena f. og d. 1899.
h.  Berta Elisabet f. 7/8 1902, g.m. Severin Kobbeltveit. Bur i Haugesund.
Hev ikkje funne tingl. festesetel, men Ola budde her til han kom til Leirvåg under Torsvik, b.nr. 10 der.


Ola Olson Tviborgøy frå Lindås, d. 1931. 17/1 1910 skøyte frå Peter Ivarson Haugsdal til Ola Olson Tviborøy for 900 kr. og kår til Botilla Eriksdtr. Haugsdal (150 kr.). Kva kona til Ola heiter kjenner ein ikkje til. Borni deira var fødde fyrr dei kom til Masfjorden. Ei dotter heiter Pernilla og var fødd 1891. Ho vart 2/10 1912 g.m. maskinist Karl Andersson Rognøy. Sjå Rognøy.


Odd Gjelsvik. 12/3 1934 auksjonsskøyte til Odd Gjelsvik for 2 400 kr. Den fyrre eigaren vert då kalla Ole Olsen Aasgaard. Dette bruket hev altso fyrst vore plass og kalla Enehøen - Einehaugen - so Aas­gaard, og so hev det vorte skyldsett med namnet Austgaren. Den vanlege bygdeuttalen på namnet Åsgaren.


Solveig Karlsdtr. Rognø Lid, f. 15/6 1914 og Kjellaug Karlsdtr. Rognø f. 25/8 1916 frå g.nr. 15 b.nr. 2. Solveig ei busett i Bergsdalen. 6/9 1945 skøyte frå Odd Gjelsvik til syskinborna Solveig Rognø og Kjellaug Rognø for 2 500 kr.

 

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen