MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 30.09.14 -

BRUK 1 og 6

 

Jon Monsson hev bruket frå 1603 til 1662.1645 svarar han kopskatt for kona Berete, ein tenestgut og ei tenestgjente. Etter kreaturhaldet å døma i 1657, brukar han då halve garden.


Ola Andersson hev bruket 1666, men då berre 1 sp. S. og 16 mk. fisk. (Ola Jonsson brukar same året 2 pd. s., 8 mk. fisk). Ola Andersson er sagd vera 40 år gamal i 1666 og hev sonen Jon, 1 år gamal. At sonen heiter Jon, tyder på at Ola Andersson er gift med dotter til nr. 1.


Mons Monsson er den eine av dei tvo brukarar i 1701, er då sagd vera 30 år gamal og hev heima sonen Ola 4 år og Anders 2 år. Kona hans, Brita Olsdtr.., d. 1703. Skifte etter henne då, og arvingane er dei umyndige søner Ola og Anders. At eldste sonen til Mons i dette ekteskapet heiter Ola, tyder på at Brita Olsdtr. er dotter til nr. 2. Mons må ha vore e.m. då han kom til Haugsdal, og havt sonen Gieble (Gievle), sjå nr. 4 her.
Mons hev truleg vore gift att 1703 eller der umkring, men ikkje havt born i dette ekteskapet. So kring 1714, hev han vorte g.m. Anna Monsdtr.
Born:     

a.  Mons f. 1714. Soldat på Holmen i Kjøbenhavn 1759.
b.  Siri f. ? Fyrst g.m. Ola Ivarson Torsvik 1743. Han var frå Hope, der han flytte til frå Torsvik. Sjå b.nr. 1 S. Hope. Då ho vart enkje på S. Hope, var ho g.m. e.m. Erik Hogneson Risnes 1750.
c.   Brita f. ?, g.m. e.m. Hans Sjurson Rambjørg 1755, b.nr. 7 og 8.
d.   Ivar f. 1723. Sjå b.nr. 6 Haugsdal.
e.   Marta f. 1726, g.m. e.m. Sjur Klausson Frøyset kring 1756.
f.    Mons f. 1730, g.m. Lisbet Eriksdtr. S. Hope 1752, b.nr. 5.
g.   Guri f. 1734, g.m. Mons Nilsson Høyvik 1772.

 

14/12 1720 tingl. (uppattnying av) bygsel frå biskop Schmidt til Mogens Hougsdal 2 pd. S. ½ v. fisk. (Halve skyldi i Haugsdal). Mons d. kring 1734. E. attgift med nr. 4 på b.nr. 3-4.


Gievle Monsson Haugsdal, f. kring 1694, d. 1784. Han er truleg ein son av nr. 3, og er fødd fyrr faren kom til Haugsdalen. Både Mons Monsson og Gievle må vera frå Gulen.
4/7 1731 g.m. Ragnhild Olsdtr. Steine, f. kring 1697, d. 1742. 1743 g.m. Synneva Jakobsdtr. Keilen frå Austrheim.
Born:     

a.  Marita f. 1730.
b.  Anna f. 1732, g.m. Ola Olsson Hope, Lindås, 1766.
c.   Ola f. 1732, g.m. e. Anna Olsdtr. Rambjørg 1762, b.nr. 3 og 4.
d.   Ole f. 1737, d. 1740.
e.   Gullak f. 1740, g.m. Agata Johannesdtr. Bakke, Austrheim 1774. Bustad Monslaupen.
f.    Hans f. 1742, g.m. Synneva Olsdtr. Kaland, Lindås 1770.
g.   Ei dotter d. 1746.
h.   Ivar f. 1747. Her på bruket nr. 5.
i.    Ola f. 1749, g.m. Synneva Jonsdtr. Byrkjeland 1778. Bustad Bergen.
j.    Ragnhild f. 1753, g.m. Ola Jonson Byrkjeland 1780, b.nr. 3.
k.   Ei dotter f. og d. 1756.
l.    Anders f. 1757. Var i kgl. sjøtenesta i Kjøbenhavn 1784.
m.  Marta f. 1761, g.m. e.m. Mikkel Rasmussen Hope, Lindås 1802.

 

Dagsett 21/1 1729 og tingl. 4/8 1730 bygselsetel frå biskop Marius Muller til Gievle Monsson på ½ 1. S. Ved skifte etter Gievle Monsson 1784 er det sagt at han var gift “3-de” ganger. Han må då vore gift fyrr 1731. Men etter det ekteskapet er det ingen arving. Ola Gievleson Rambjørg er ved skiftet nemnd som fyrste (eldste) mannlege arving. Det er dette skiftet som syner kvar det er vorte av dei mange borni han hadde.


Ivar Gjevleson Haugsdal, f. 1747.1775 g.m. Kristi Eriksdtr. Fjellanger frå Lindås.
Born:     

a.  Ola f. 1776, d. 1800.
b.  Peder f. 1779. Nr. 6 her på bruket.
c.   Gieble f. 1782. i kongeleg tenesta i Kjøbenhavn 1810.
d.   Erik f. 1787, g.m. Synneva Olsdtr. Byrkjeland 1818, d. i Haugsdal 1822. Tenar.
Dagsett 30/7 1774, og tingl. 17/10 1774 bygslebrev frå biskop Arentz til Ivar Gjevleson på ½ 1. S.


Peder Ivarson Haugsdal, f.1779, d. 4/7 1853.1806 g.m. Brita Monsdtr. Hovland frå Gulen, d. 2/7 1859. - 72 år.
Born:

a.  Synneva f. 1807, g.m. Anders Hansson St. Sleire 1832 frå b.nr. 1.
b.  Anna f. 1808, g.m. e.m. paktar Anders Olsson Kvalvågnes 24/6 1852.
c.   Ivar f. 1811, nr. 7 her på bruket.
d.   Margreta f. 1812, d. 1815.
e.   Mons f. 1815, d. s. året.
f.    Mons f. 1816, d. 15/6 1849.
g.   Ola f. 1819, g.m. e. Guri Andersdtr. Daae 15/10 1855. Sjå b.nr. 3.
h.   Kristi f. 1822, g.m. Ola Henrikson St. Matre 1/7 1848. Sjå St. Matre b.nr. 1.


1805 bygselbrev frå biskop Brun til Peder Ivarson på 12 mk. S. og 8 mk. fisk mot at han svarar mori Kristi Eriksdtr. kår.


Ivar Pederson Haugsdal f. 1811, d. 24/2 1899.7/8 1943 g.m. Lisbet Torsdtr. Nordgulen f. 1810, dotter av Tor Olson, d. 16/6 1898.
Born:

a.  Peter f. 8/3 1844, nr. 8 her på bruket.
b.  Tor f. 8/11 1853. Sjå utflytte.
1848 kongeleg skøyte til Ivar Pederson på 1 bpd. S., 16 mk. fisk for 325 spdl. og jordavgift 1 t., 2 ½ fjdk. bygg. Kår frå Ivar Pederson til foreldri Peder Ivarson og Brita Monsdtr.


Peter Ivarson Haugsdal, f. 18/3 1844 (7a), d.17/2 1932. Gift 6/7 1871 m. Gjertrud Olsdtr. Nese f. 1854 i Gulen, d. 27/10 1919.
Born:

a.)  Elisabet f.31/7 1872, g.29/6 1894 m. Erik Ivarson Andvik. Budde der på bruk 3.
b.)  Ivar f. 18/9 1874, d.15/2 1875
c.)   Ragnhild f. 28/3 1876, g.m. Andreas Johnsen, Bergen.
Deira born:
a.  Peder g.m. Astrid Marie Riise. Busette i Bergen. Dei er besteforeldra til Jannicke Johnsen Birkeland som er nr. 11 på bruket.
b.  Oskar
c.  Henry
d.  Arne

-------------------------------------------------
d.)  Bergitta f. 13/12 1878, g.m. Johan Håland. Busett i Høyanger.
Deira born:
a.  Gudrun
b.  Gyda
c.  Emma
d.  Ivar
e.  Peder
f.   Lars

-------------------------------------------------
e.)  Olina f. 29/3 1881, d.5/3 1886
f.)    Ivar f.4/11 1883, g.19/4 1905 m. Marta Jakobsdtr. Haugsdal f. 23/7 1884 på bruk 5.(3c). Huslyden budde ei tid på bruket. Marta reiste så til Bergen for å jobbe. Ivar og hans fetter reiste saman til Amerika(Seatle?) og begge omkom der kort tid etter ankomst. Dei fire sønnene vokste opp i Ytre Haugsdal, på ulike bruk.
Deira born:
a.  Petter f. 27/1 1905
b.  Jakob f. 25/10 1907
c.  Ingvald Emil f. 12/9 1910
d.  Gardar Kristoffer f. 13/10 1911

--------------------------------------------------
g.)  Hans f. 10/8 1886. Utv. til Amerika.
h.)   Olina Andrea f. 2/6 1889, g.m. Andreas Johanson Sande i Gulen.
Deira born:
a.  Gerhard
b.  Gudrun
c.  Hjørdis

---------------------------------------------------
i.)   Benjamin f. 29/5 1892. Nr. 9 her.
j.)    Petra Gurina f. 13/3 1895, d.21/9 1915.
Skøyte 2/11 1878 frå Ivar Pederson til sonen Peter for 1000 kr og kår.


Benjamin Peterson Haugsdal, f. 29/5 1892, (8i), d. 9/10 1975. Gift 15/6 1923 m. Brita Eriksdtr. Haugsdal, f. 12/4 1891 på b.nr. 8 (4a), d. 30/10 1984.   
Born:

a.  Peder f. 16/4 1924. Nr. 10 på bruket.
b.  Klara f. 16/6 1927, d. 9/10 1948
Skøyte 19/9 1921 frå Peter Ivarson til sonen Benjamin for 2000 kr og kår.

    
10  Peder Haugsdal f. 16/4 1924, d. 8/9 1992


11  Sigbjørn Birkeland f. 17/2 1962 på Byrkjeland b.nr. 6 (4c), g. 15/5 1987 m. Jannicke Johnsen f. 10/12 1965 frå Osterøy. (Sjå nr. 8c her på bruket.)
Born:

a.  Hege Charlotte f. 24/3 1983
b.  Jostein f. 25/4 1989
c.   Lars-Helge f.6/11 1991
Skøyte 31/8 1993 til Jannicke Johnsen Birkeland og Sigbjørn Birkeland for kr 430000.
Inderst: Ivar Peterson Haugsdal, f. 4/11 1883 (sjå nr. 8. f.) 19/4 1905 g.m. Marta Jakobsdtr. Haugsdal frå b.nr. 5, f. 23/7 1884.
Born:

a.  Petter f. 27/1 1905.
b.  Jakob f. 25/10 1907.
c.   Ingvald Emil f. 12/9 1910.
d.   Gardar Kristoffer f. 13/10 1911.
Ivar Peterson utvandra til Amerika.

 

Utflytte frå b.nr. 1

Nr. 7 b, Tor f. 1853, g.m. Alida Persdtr. Nordgulen, Gulen. Bonde på Nordgulen: Born: Petter, Ivar, Lovisa, Hans Olav, Tilla, Anders. Anders bur no på bruket på Nordgulen.
Nr. 8 c, Ragnhild g.m. e.m. Andreas Johnsen, Bergen. Born: Peder, Oskar , Henry og Arne
Nr. 8 d. Bergitta f. 1878, g.m. bonde Johan Håland, Høyanger. Born:   Gudrun, Gyda, Emma, Ivar, Peder og Lars. Ivar hev bruket etter faren på Håland.
Nr. 8 h. Olina Andrea fl 1889, g.m. bonde Andreas Johanson Sande, Gulen. Born: Gerhard, Gudrun og Hjørdis.

 

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen