MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 02.12.10 -

Masfjorden gards- og ættesoge klar for internett

 

Det er den versjonen som kom i bokform i 1995 som no vert tilgjengeleg på heimesida til Masfjorden kommune. Den er lagt inn i menystrukturen til heimesida, men med ei eiga hovudside der ein kan klikke opp gardsnummer og deretter bruksnummer på dei einskilde gardsnummer.

 

Kommunestyret vedtok i desember 2009 at Masfjorden gards- og ættesoge skulle bli tilrettelagt og gjort tilgjengeleg for heimesida til kommunen som ein integrert del av denne. Eg skreiv den gang at eg håpa at den ville vera klar til påsken 2010. Arbeidet med konvertering frå den digitale Word-versjonen har vore noko meir komplisert enn eg så føre meg. Det var ein del spesielle kodingar og tabulatoroppsett som ikkje utan vidare let seg konvertere til html-formatet.

 

Me har tenkt at denne versjonen skal vere delvis interaktiv ved at du kan melde inn feil, foreslå endringar, melde inn nye namn, gards- og bruksnummer o.s.v. Du må da nytta deg av den e-postadressa som ligg på hovudsida til nettsoga. Hugs alltid å opplyse om kva gards- og bruksnummer endringa/oppdateringa gjeld. Dess meir detaljerte opplysningane er dess lettare blir det for oss å få lagt dei inn.

 

Det er gjort nokre endringar og korreksjonar for å rette opp feil i versjonen som kom i 1995.

 

Det som ikkje er med i internettversjonen, er namneregister som låg som vedlegg til band II, sidan det ikkje er sidetal i internettversjonen. I staden er der lagt inn ein eigen søkemotor i toppen på nettsida der du kan søke på alt frå namn, til gards- og bruksnummer. Denne søkemotoren vil ikkje gjelde for heimesida elles, du må da velje hjelpemenyen eller gå tilbake til ein av hovudmenyane for heimesida.

 

Dersom det blir stor pågang for retting av feil og/eller oppdateringar i starten, kan det kanskje ta litt tid før me får lagt det inn. Me vil likevel prøva å få med alt.

 

Du kan no sjølv bli ein aktiv bidragsytar til å halda masfjordsoga mest mogeleg oppdatert.

 

Hugs at dei opplysningane som vert lagt inn her, også vert søkbare for eksterne søkemotorar.

 

 

 

 

Tekst: Frode Vee-Haugen

 

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen