MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 16.11.10 -

FØREORD TIL 3. UTGÅVA

 

2. utgåva av Masfjordboka vart fort utseld, og alt i slutten av 1980-åra vart det snakk om å laga ei ny oppdatert utgåve. Då det vart alvor av dette, vart underteikna spurt om å ta på seg arbeidet, noko eg takka ja til. Eg fekk fri frå arbeidet mitt ved Sandnes skule ein dag i veka for å arbeida med Masfjordboka.


Hovudutvalet for skule og kultur valde så ei nemnd som skulle vera til hjelp i arbeidet med den nye utgåva og føra den fram til dags dato.


Til medlemmer av nemnda vart valde Aaslaug Matre, Bergljot Midtbø, Odd Holmaas, Jon Hope, Bjarne G. Kvingedal og Jonas Riisnes. Då Odd Holmaas døydde, vart Margit Johansen vald som ny medlem, og då Bergljot Midtbø ba seg friteken, vart Einar Andvik vald i hennar stad.


Frå kommunen si side vart det ordna med at ein fekk tilgang til folkeregisteret sine opplysningar når det gjeld fødslar, dødsfall, giftarmål og inn- og utflyttingar for dei om lag 20 åra det her er snakk om. Det har vore til uvurderleg hjelp i arbeidet. Ein har og fått nytta kommunen sine opplysningar om overdraging av eigedomar.


Etter kvart som ein sette saman dei opplysningane ein på denne måten fekk, vart det sendt ut eit utkast til kvar familie med bøn om at kvar og ein måtte føra til det som vanta og returnera det til bokskrivaren.


Stort sett gjekk det greitt å få inn opplysningar, og det gjorde at arbeidet kunne gå jamnt framover.
Det har hendt ein heil del i Masfjorden sidan 1973 då den førre utgåva var ferdig. Det har vorte tilrettelagt fleire bustadfelt rundt om i kommunen, og det har vore ei viss inn- og utflytting. Eg har og fått inn ein god rettingar og tilføyingar frå utflytte masfjordingar. Det har difor vore eit nokså omfattande arbeid å gjera manuskriptet ferdig.


For at lesaren skal få eit best mogeleg oversyn, har ein ført det nye som er kome til, inn som framhald av den førre utgåva. Nemnda gav tidleg uttrykk for at den nye utgåva måtte verta i to bind, då boka elles ville verta for tjukk og uhandterleg.


Eg har prøvd å gjera den nye utgåva lettare å finna fram i ved at eg har teke med tilvisingar som gjer at lesaren fort kan finna fram til kva gard og bruk ein person kjem frå.


Dette er den tredje utgåva av Masfjordboka. Rettskrivinga har endra seg ein god del sidan fyrste utgåva kom ut. For den som les nøye, vert dette svært tydeleg. Det lyt så vera. Det ville vera eit for stort og kostbart arbeid å gjennomarbeida heile boka for å få ein språkleg heilskap.


Masfjordboka har vore ei mykje brukt bok. Når eg no sender manuskriptet frå meg, er det med vona om at den nye utgåva av Masfjordboka må vera eit tenleg oppslagsverk for dei som vil finna ut noko om si eiga slekt eller om folket i Masfjorden i det store og heile.


I boka er det ei stor mengd datoar og årstal. Det skal godt gjerast at alt er heilt rett. Eg vonar lesaren vil bera over med dei feil han måtte finna.

 


Masfjordnes, februar 1995
Alf Strand

 

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen