MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 16.11.10 -

FØREORD TIL 2. UTGÅVA

 

Det har synt seg at med åra har interessa for slekts- og bygdesoga vorte større etter kvart. Difor har fyrste opplaget lenge vore utseld, og mange har spurt etter boka.


Dette var grunnen til at kommunestyret tok opp spursmålet og valde ei nemnd til å utarbeida ny utgåve og føra den fram til dags dato.


Forfattaren av fyrste utgåva brukte m.a. kyrkjebøkene som kjeldemateriell for slektsgranskinga. Etter pålegg frå Kyrkjedepartementet er ikkje desse opne for slik gransking no, før dei er 70 år gamle.


For å finna arbeidsgrunnlag og få med det nye i slektene, sende ein spørjelister rundt til dei einskilde heimar, slik at alle opplysningar kom inn på friviljug grunnlag.


Utover dette har nemnda, og andre, ved vitjing rundt i bygda, samla inn det materialet som er grunnlag for det nye i denne utgåva.


Folk har synt stor velvilje for tiltaket, og dette er nemnda takksam for.


Det har også vorte søkt kontakt med utflytte masfjordingar. Reaksjonen på det har vore nokså ulik, og ein vil finna skilnad på breidda i det som er komen med av dei ymse slekter her og der. Nemnda ville gjerne hatt med meir såleis.


For å gje det heile best mogeleg oversyn, har ein ført det nye som er kome til, inn som framhald av det som var i fyrste utgåva. Og for å få plass til så stor stoffmengd som dette vart, har ein freista dra det heile mest mogeleg saman, utan å missa oversynet. Difor vil ein sjå at ein så langt det var råd, har unngått dobbelføringar. I staden for utflytte, har ein no ført heile slekta under eitt med tilvising kvar dei bur.


Nemnda har delt arbeidet mellom seg, og alle har teke del i inn­samling av grunnlagsmaterialet, med hjelp av kontaktmenn rundt i krinsane.


Martin Vabu har samla alt vedkomande skøyter og overdragingar av eigedomar, Arne L. Hope har skrive alt for Solheimsokna og nordsida av Masfjorden og Rasmus Nygård det som gjeld for sørsida.
Med i nemnda har elles vore: Hilda Bauge, Arne Reknes, Olav Midtbø, Toralf Torsvik, Magnus Jonasson Hope og Arne J. Riisnes.


Ein vil sjå at rettskriving og bøyingsformene i denne utgåva er noko ujamn Dette kjem av at ein helst ville halda på den bunad Lars Nordland gav boka.


I det nye som er kome til i denne utgåva, er likevel rettskrivinga meir i samhøve med Ny læreboknormal 1959.

 

 

Masfjordnes i august 1973.
Boknemnda

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen