MargfeltTil hovudsida

Oppdat. - 16.11.10 -

FØREORD TIL 1. UTGÅVA

 

Det er no kring 20 år sidan eg fyrste gongen gjekk til Statsarkivet i Bergen og vilde finna litt um mine forfeder, og då eg hadde teke til med det, gjekk det ikkje lenge fyrr eg fekk hug til å få vita alt eg kunde finna um heimbygdi og folket der.


Etter uppmoding frå fleire i bygdi, vart det til at eg fann på å skriva ei bygdebok for Masfjorden. Men no hadde sokneprest Frølich skrive ei bok um Masfjorden fyrr, og det gjorde det van­skeleg å freista med ei ny. Men då ein syntest at Frølichs bok vanta mykje av det som bør vera med i ei bygdebok, - sers um gardane og dei som hadde butt på dei - våga eg likevel freistnaden. Det vart difor halde fram med å samla tilfang, og kring 1943 var mesteparten av manuskriptet ferdigt. Det som finst i Frølichs bok, vert ikkje teke med i denne boki som no er til prentings.


Kjeldene hev vore: Riksarkivet i Oslo, Statsarkivet i Bergen, heradsarkivi og kyrkjebøkene i Lindås og Masfjorden og Bergens offentlege Bibliotek.


I arbeidet med å samla tilfang hev eg havt hjelp av K. T. Bergsvik. Avskriftene av kyrkjebøkene er tekne til 1937, men dei som hev interessert seg for å få noko med for seinare år, og um utflytte slektningar, hev fenge det ved å venda seg til utgjevingsnemndi med upplysningar.


Då eg var i Oslo og leita i Riksarkivet, hadde eg pengestudnad av Masfjorden herad og av Masfjorden Sparebank og ein privatmann, so eg kunde svara utlogene til vikar og frakti. Masfjorden herad og Masfjorden og Lindås Sparebankar hev ytt pengar til utgjevingi, slik at tingarane kan få boki (2 band) for 40 kr.


Ei nemnd - vald av heradstyret - hev gjort stor hjelp med å få boki utgjevi. Med i nemndi hev vore K. T. Bergsvik, ordførar Magnus Halsøy, Alfred Nygaard, Olav Midtbø og underskrivne. Formannen i nemdi, K. T. Bergsvik, hev havt meste arbeidet.


Til andre bandet vert skrive eit sers fyreord, og i det skal nemnast kven som hev vore med og redigert det.


Av umsyn til storleiken på boki, måtte eg lata vera å ta med mykje av det tilfanget eg hev samla.


Eg vil seia min beste takk til dei institusjonar og einskildpersonar som hev gjort det mogeleg å få gjeve ut boki, millom dei nokon einskildpersonar som hev gjeve pengebidrag, og dei som hev ytt fri sjuss med båt eller bil. Alle som hev tinga boki, skal ogso ha takk for den interessa dei hev synt ved mannjamt å teikna seg for boki.


Fotografii av gardane er tekne av M. Skuggedal, f. i Masfjorden, og av K. Haugland, Frekkhaug.
I eit so fjerre stort arbeid er det uråd å undgå at det snik seg inn feil, og det vil truleg verta mange som vil finna lyte ved boki, men eg vil likevel tru at vonbrotet ikkje vert so stort at dei ikkje kan ha noko gleda av boki.

 


Masfjordnes i august 1949.

Lars Nordland.

 

 

 

Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes - E-post - Tlf. 56 16 62 00 - faks. 56 16 62 01
Ansvarleg redaktør: Svein H. Hofslundsengen - Nettvevar og nettredaktør: Frode Vee-Haugen

Til toppen